Sortimentet i 2024 er til forveksling likt det i 2023, alle er sertifisert grasfôra og økologisk, ingen har fått antibiotikabehandling. (Les eventuelt meir om antibiotikapraksisen vår nederst på sida)
Åtte kastratar halvanna år – hereford/angus/charolais
Hovudsortimentet. Halvanna år gamle, to lange beitesomrar, berre vinterfôr frå fjellet etter beitesongen var slutt i månadskiftet september/oktober. I fjor var slaktevektene i spennet 235-285 (prognosa mi sa 240-280). Så prognosa i år blir 220-300 kg per dyr. Feittklassifiseringa låg på 2 blank til 3- i fjor, heilt etter planen.
Feittklassifiseringskalaen som alle norske slakteri brukar går altså i 15 trinn frå 1- til 5+. Nortura har til informasjon trekk i prisen dersom dyr har 1 blank og mindre, samt 3- og feitare, alt på to-talet er vel det som er normalt. Som eit eksempel har dyr som er feitare enn 3- meir feitt enn det som blir ynskjeleg i kjøttdeigen, slik at dette blir skore av. (Eg deler ut dette feittet gratis til dei kundane som vil ha det.) Men desse feite dyra har altså meir feitt på stykningsdelane også.
Moralen er som alltid: Bruk moglegheitene i bestillingsskjemaet til å få det kjøttet du er mest interessert i kva gjeld både storleik og feittmengde. Eller ring meg dersom dette ikkje gir meining! (Det er truleg enklare enn eg klarar å forklare det her.)
Tre kviger halvanna år – hereford/angus/charolais
Veldig like kastratane, men i snitt mindre og feitare. I fjor var spennet i slaktevekt frå 235-260 kg, målingane og reknearket mitt tydar på at det blir omtrent det same i år. Kvigene brukar oftast å ligge på 3-, 3 blank og 3+ i feittgruppe, i fjor faktisk ei på 4-. (Når 4-talet kom inn i bildet trakk eg av tilsvarande mange kilo på fakturaen til kundane som det som vart skore av skrottane og delt ut gratis til kundane som takka ja til gratis feittpakker.)
Hugs på: Den feitaste kastraten er like feit som den magraste kviga, og den tyngste kviga er tyngre enn den lettaste kastraten. Dermed kan det hende eg kontaktar somme kundar for å bytte mellom kastrat og kvige for å få kabalen til å gå opp.
Ingen vaksne kyr til sals i år
Eg skal berre slakte to kyr denne sesongen, ingen av dei med lett hjarte. Dei er høvesvis 13 og 5 år gamle og det ville av ulike årsaker ikkje vera foreineleg med god dyrevelferd at dei fekk kalv ein gong til. Femåringen har fått ein utvekst på kjeven som gradvis veks og som dyrlegen seier det ikkje er noko å gjere med. 13-åringen hadde kalvingsvanskar i år, det gjekk heldigvis bra, men det er stor fare for at det ikkje ville gjort det neste gong. Dei har vore særs gode på alle måtar, men er ikkje spesielt kjøttsette og eigna for direktesal. Norturasystemet og daglegvarehandelen har mange langt fleire typer sortiment enn meg, så dei skal nok finne vegen til middagstallerknar på eit eller anna vis.
Fjordfekastrat er det som varsla slutt på etter at me selte fjordfekyrne til andre kuentusiastar for to år sidan.
Meir om antibiotikabruk hjå oss:
Me brukar antibiotika (AB) om dyrlegen vurderer at det er rette alternativet for sjuke dyr. Hjå oss skjer det i snitt kanskje ei gong i året. I økologisk landbruk er det tillate med AB, men med dobbel såkalla tilbakehaldelsesfrist for slakt – tida det må gå frå siste behandling til slakting. Dyra våre som evt har fått AB ei gong i løpet av livet blir såleis slakta som økologiske. Men me sel det ikkje sjølve – dermed havnar det vel i daglegvarehandelen eller på restaurant. Eg er nøye med å gjere det på denne måten fordi somme av kundane mine er opptekne av å unngå kjøtt frå dyr som har fått antibiotika.