Categories
Ymse

2024-bestillinga opnar 3. november

Klokka 21.00 på rudningen.no. Der kan du bestille i all hast eller fordjupe deg i tekst og dvele med mange alternativ. Allereie no kan du lese om årets sortiment etc om du går til sida «kjøtt til sals». Ellers har eg berre skrive 10 linjer om årets beitesesong på nettsida sidan i fjor.

Etter planen blir det slakting i veke 45, 46 og 47. Og ferdig kjøtt til kundane i veke 47, 48 og 49.

To viktige nyheiter:

1: Plass til fleire kundar for ei gong skuld! (I fjor derimot vart det utseld på litt under to døgn og somme trufaste kundar var desverre for seine). Så eg har stor glede av at de oppfordrar andre til å bli kundar her også.

Me har ikkje fleire dyr på garden no, men fleire som kan seljast direkte. Grunnen er at det var veldig overvekt av oksekalvar født i fjor og attpåtil at fire av fem kviger i år ikkje er drektige. (Altså kan det potensielt bli litt lite til sals att i 2026, medan 2025 blir som vanleg.)

2: Moglegheit for personleg oppdeling! på tre vilkår)

Innan skjemaet blir opna blir detaljane spikra i lag med Jan Eira og co som skal dele opp kjøttet.

Men truleg kan de eksempelvis få stykningsdelar som ellers blir kjøttdeig. Det kan til dømes vera short ribs, heil skank, høgrygg med bein og brisket. Fleire eksempel vil gå fram i bestillingskjemaet. I tillegg ser eg for meg at me kan ha ein dialog med kvar enkelt interesserte kunde om kva som er mogleg.

Vilkåra for den personlege oppdelinga blir høgst truleg:

1: At ein må bestille halvt dyr (evt heilt). Fordi dersom kjøttskjærarane gjer for mange krumspring på kvartdelen av eit dyr blir det svært vanskeleg å få alle dei tre andre kvartdelane til å bli som dei skal. Men sidan pattedyr er symmetriske om lengdeaksen kan ein med halvt dyr gjere kva som helst av oppdelingar utan at det påverkar den andre halvparten og dermed dei øvrige kundane som skal ha kjøtt frå same dyret. Gjekk det an å forstå?

2: Kanskje meir ei hake enn eit vilkår: Det blir dyrare. Det kjem ein ekstra kostnad som skal dekke meirarbeidet til Eira og co, dette vil gå fram i bestillingskjemaet.

Fordi: Jo, det er uansett handverk for dei å dele opp, ikkje industri. Men tempoet må senkast betrakteleg når dei gjer dette og logistikken inne i anlegget må bombesikrast utover eksisterande rutiner etc.

3: Kankje meir ei ulempe enn eit vilkår: Me kan ikkje garantere tette vakumpakker på stykningsdelane som ikkje er i standardoppdelinga (Standardoppdelinga er: Indrefilet, ytrefilet, entrecote, mørbrad, lårtunge, bogsteik, rundbiff, bankekjøtt, culotte og flatbiff). Alle stykningsdelar med bein i står i fare for å punktere plastikken. For eksempel høgrygg med bein er nermast garantert at vil resultere i utett vakumpose. Så den typen stykningsdelar må frysast eller etast raskt etter skjeringa.