Garden

Kort historikk

Rudningen ligg i Gol kommune i Hallingdal. Namnet betyr sjølvsagt ei rydning i skogen. Det var på slutten av 1700-talet at ryddinga av garden starta. Rudningen er altså ikkje ein spesielt gamal gard. Sidan då har garden gått frå far til son. Seinaste eigarskifte var i 2010, då dagens eigar Embrik Rudningen tok over etter Ola Håkon Rudningen. Ola Håkon dreiv mjølkeproduksjon fram til 1998. Sidan då har det vore såkalla sjølvrekrutterande kjøttproduksjon på garden, altså ammekyr.

Jorda

I 1997 starta omlegging av dei fyrste areala til økologisk drift. Etterkvart har alle 245 dekar med dyrka mark heime og på stølen vorte drive økologisk. Det gjeld òg dei 60 dekarane på nabogarden Turhus, som har vorte leigd som tillegsjord i mange år.

På desse jorda blir det utelukkande dyrka gras til dyra. Grasarten bladfaks, og belgvekstane lucerne og raudkløver utgjer dei viktigaste sortane. Bladfaksen har vist seg å gje gode avlingar på den relativt tørkesvake jordarten her (siltig mellomsand med rundt 5 prosent moldinnhald). Særleg lucerna trivst godt, noko som tydar på at den økologiske driftsformen fungerer. Dermed kan lucerna og kløveren fiksere nitrogen til nytte for dei andre plantene òg.

Heime er det to slåttar som blir lagt i silo. Til dette brukar eg skiveslåmaskin med stengelknekkar, forturkar graset nokre timar, før det blir køyrd inn i plansiloen med lessevogn som har kutteaggregat. På stølen er det ein slått, her blir òg ein stor del av arealet beita etter slåtten. Her blir graset konservert i rundballar.

(For særleg interesserte finst det detaljerte kart over alle teigane til garden her.)

Dyra

Her er det som nemnt ammekuproduksjon. Det betyr at kalvane går i lag med mora si til avvenning. Her er dei i lag i rundt åtte månader, det vanlege er å skilje mordyr og kalv ved rundt sju månader. Kalven drikk all mjølka til mora si, det betyr altså at det berre blir produsert kjøtt og ikkje mjølk i ei ammekubesetning.

Dei fleste vaksne kyrne her på garden var tidlegare av rasen charolais. Frå 2015 har det berre vore nytta angusokse til paring. Så om nokre år blir det angusbesetning her.

 

Felixs av Bakke begynte på jobben same dagen som han kom, men i dette tilfellet var han litt for tidleg ute.

 

Året på garden

Frå januar til midten av april

I denne perioda er alle dyra inne. Tidleg i januar blir alle kalvane skilt heilt frå mødrene sine, som dei har vore i lag med kvar dag i åtte månader. Det blir litt rauting i to dagar, før alle er fornøgde med det nye tilværet. Kalvane eg skal selje kjøtt av sjølv blir slakta rett etter dei er skilt frå mødrene sine. Dyra som går i fjøset resten av perioden er kyr og kviger som skal kalve til våren, pluss unge kviger som skal parast for fyrste gong til sommaren.

Eg har som økologisk bonde sjølvsagt lausdriftfjøs. Eg har aldri fleire dyr per kvadratmeter enn det det økologiske regelverket opnar for. Alle dyra har tilgang på kvar sin liggebås med gummimatte og sagflisstrø. Her søv dei om natta, og her ligg dei og tygg drøv i lange periodar på dagtid òg. Morgon og kveld får dyra tildelt surfôr frå siloane, utanom tidleg haust og vår, då dei får rundball av same kvalitet. Alle får anbefalte mengder med økologisk mineraltilskot, og dei har alltid tilgang på saltstein og reint vatn.

Dette er den minst arbeidskrevjande tida for bonden. Utanom fjøsstella går det i vedlikehald av maskiner og planlegging av til dømes avl og onnearbeid for komande vekstsesong, samt noko skogsarbeid. Generelt er vinteren tida for skogsarbeid eller arbeid utanom garden for ein ammekubonde. Ammekubønder med store fjøs eller som bur i område med tidlegare vår har gjerne kalving frå februar eller mars.

Frå midten av april og ut mai

Med både kalving og våronn er det definitivt slutt på den rolige perioda.

Om paringa gjekk etter planen året før, blir kalvinga relativt konsentrert. Årsaka til at eg har kalving i denne perioda, er at eg no kan frigjere plassar til kalving i fjøset ved å sleppe dei unge kvigene ut på beite. Kyrne som skal kalve til slutt blir også slepte ut.

Langt dei fleste kyrne fiksar kalvinga åleine, somme er også avhengige av å få vera i fred for å kalve. Men bonden må oppdage at kalvinga er i emning i god tid før noko skjer. Kyrne skal nemleg geleidast til ein middels stor binge dei disponerer åleine. Fødebingane får halmdekke over heile golvarealet, med tanke på komfort og hygiene. Dei dagalause får tilsyn med få timars mellomrom når noko er i gjære, også om natta. Kvart år treng nemleg nokre få kyr hjelp til kalvinga. Hjelpa bonden kan tilby er å hjelpe til med å dra ut kalven. I sjeldne tilfelle må også veterinær tilkallast. Om ein har sett rett okse til paring og fora riktig inn mot kalvinga blir det heldigvis få som treng hjelp. I ein vellukka kalvingssesong skal ingen kalvar døy, men enkelte år vil det seg desverre ikkje slik.

Like viktig som å få ut kalven er det å sjå til at han får i seg nok råmjølk tidleg nok. I snitt er det kanskje ein gong årleg at eg må mjølke kua og sondefore kalven for å sikre dette, eller nytte frose råmjølk frå gode mjølkebruknaboar. Etter nokre dagar i lag inne i bingen blir mor og kalv slept ut på beite saman med dei andre. Slik blir fødebingen klar til ei ny kyr. Ofte er det fem-seks fødebingar i sving samstundes, sidan kvar kyr er der både ein dag før og to-tre dagar etter kalving. Til slutt er dermed alle kyrne ute på beite med kalvane sine.

Samstundes med kalvinga er det våronn. Rundt 1. mai er det møkakøyring. Det skjer dei dagane som har mest eigna vêr (helst nedbør og kaldt). Møkakøyringa foregår med stripespreiiar og slangar, for å nytte nitrogenet best mogleg og minimere sjansen for pakkeskadar på jorda.

Noko seinare begynnar eg med fornying av eng, sjølve våronna. Kvart år blir ein del av jorda pløygd opp og sådd til. Avlinga avtek gradvis når enga blir gamal, så dette må til for å sikre gode avlingar. I økologisk landbruk er det særleg viktig med ein kallar vekstskifte. Her foregår vekstskifta ved at det alltid blir sådd grønfor (korn som ikkje skal modnast, men bli fôr) fyrste året, og vanlege økologiske fôrvekstar  året etter. Deretter kan denne jorda normalt haustast i fem-åtte år før ho må fornyast på nytt.

Når våronna er ferdig heime gjentek det same seg på dyrkajorda på stølen.

Juni til august

Alle dyra blir frakta til fjells i siste halvdel av juni. Her går dei på beite fram til siste halvdel av september. I alle fall den siste månaden får dei i tillegg ete fritt av rundball, fordi beitene begynnar å tape seg.

Den kanskje trivlegaste delen av bondeyrket er å føre tilsyn med dyra på beite. Kalvane dannar gjengar og vekslar på å suge mjølk av eigne og andres mødre og å ete næringsrikt beite. Den takknemlege jobben til bonden går mellom anna ut på å få kalvane til å like folk. Kyrne beitar i grupper eller legg seg på ulike favorittplassar alt ettersom kva tid på dagen det er.

Dyra har tilgang på to inngjerda område med tilsaman om lag 380 dekar (om lag 54 fotballbanar av offisiell storleik). Etter stølsslåtten får dei tilgang til 70 dekar ekstra (10 fotballbanar). Beiteområda på stølen ligg på rundt 900 moh. Dei omfattar alt frå dyrkamark til rein utmark, med den store variasjonen i flora det kan tilby. Forskjellige grasartar, mange ulike urter og litt lauv er det dei goflar i seg.

Paringsoksane får tilgang til flokken frå midten av juli. Om alt går etter planen klarar desse bedekkinga utan problem – oksane er meistrar til å treffe rett i høve til eggløysinga. Dei brukar heller ikkje å forsøke seg når det ikkje er vits i. Men det er viktig å føre nøye rekneskap over aktiviteten, for å vera sikker på at unnfanginga har funka. Visst ikkje må ein setje inn ein ny okse tidleg nok til å unngå forseinka kalving neste år.

Rundt sankthans er det fyrsteslått heime, etter denne køyrer me på møk på nytt, og tømer slik møkkakjellarane. På stølen brukar slåtten å vera i slutten av juli. Andreslåtten heime brukar å vera i slutten av august.

Slåtteonnene er utanom kalvinga dei mest intensive periodane i løpet av året. Det gjeld å nytte godvêret for å sikre best mogleg kvalitet på grovfôret. Storfe blir kva dei eter dei også. Eg skal ikkje plage lesarane med detaljane rundt val av slåttetidspunkt og faktorane som er viktig for god ensilering. Men det er ei mengde avvegingar, så det er alltid  godt å vera i gang med slåtten – trass lange dagar.

September til januar

Kyrne kjem heim i september og går deretter ut og inn i fjøset som dei vil. Dei beitar gjenveksten på litt av jorda heime, men så seint på året kjem mesteparten av næringsopptaket frå rundballar. Vêret avgjer både når kyrne kjem heim frå fjellet og når eg stenger kyrne si fjøsdør for siste gong det året. I 2011 var det til dømes heilt slutt på utelivet 28. oktober.

Etter at buskapen kjem heim frå fjellet er fjøset gjort om frå slik det var på våren. Kalvane kan no alltid vera saman med mødrene sine, men dei har òg tilgang til eigne areal som kyrne er for store til å entre. Dermed får kalvane tilgang til både mjølk og kos, men samtidig også eigne leike- og liggeplassar og så mykje surfôr som dei berre orkar.

Etterkvart kjem ein større og større del av kaloriinntaket til kalvane frå gras. Dermed mjølkar kyrne mindre i takt med behovet. Difor får dei vaksne etterkvart mindre rasjonar med surfôr. Om dei også hadde fått ete så mykje som dei ville, hadde dei vorte feite – og hatt større sjanse for kalvingsvanskar ved neste kalving, om lag eitt år etter den førre kalven. Dei beste kyrne får sju-åtte kalvar, andre blir slakta tidlegare.

 

Kjelder:

¹Charolaisnytt nummer 2 – 2011

² Staten landbruksforvaltning sin statistikk

17. januar 2012 |