(Dette innlegget er også sendt ut på epost). Skjemaet kjem som vanleg på rudningen.no.
Planen no er å ha kjøtt ferdig for utlevering i veke 48, 49 og 50. Og truleg Oslolevering den siste veka på kveldstid ein vekedag i veke 50.
Det var det viktigaste i denne omgang, eg skriv meir om dei ulike kategoriane eg skal slakte på rudningen.no i samband med at skjemaet opnar. Forresten held eg det eg lovde i fjor, prisoppgangen i år blir litt mindre enn KPI, fem kroner opp til 210 kr/kg slaktevekt.
Berre eit tema til i denne omgang:
Kvifor rekordsein slakting i år? Slakteriet på Gol har slakta berre sau heile hausten og startar med storfe fyrst 16. november – då har eg også fått inn fyrste pulje herfrå. Eg har heile tida hatt moglegheit til å slakte dyra på eit anna Norturaanlegg. Men eg meiner dyrevelferden er betre med knapt fem minutt transport framfor fleire timar. Likeeins at kvaliteten blir best når eg har full kontroll sjølv over logistikken under mørninga. Og mellom anna kan sikre at skrottane blir transportert hengande og utan klem etc.
Ulempa forutan at de kundar må vente lengre kunne vore plassmangel for dyra i ei våtare og kaldare tid, med snøvær etc. Men det går bra, alle har tilgang til tørr og mjuk liggeplass under tak samtidig. Alle brukar å ta seg ein tur ut midt på dagen, men nyttar fasilitetane innandørs ellers etter at snøen kom. Etter beitet var heilt slutt nyleg har eg lagt vekt på å fore med mykje villeng frå slåttemarkene eg har på fjellet, med rik botanisk samansetjing.
Forresten har eg skrive litt både om eit karbonbindingsprosjekt med gode resultat og nye beitemetodar på rudningen.no. De finn det nederst på sida eller under menypunktet «siste nytt».