Sortiment i 2023, alle er grasfora og økologiske
Fem kastratar halvanna år – hereford/angus/charolais
Hovudsortimentet. Halvanna år gamle, to beitesomrar. I fjor spente slaktevekta frå 240 til 280 kg. I år som i fjor seier reknearkprognosa mi 230-280 kg. Altså kvartdelar på 55-70kg (reint kjøtt 35-45kg). I fjor hadde dei feittmengder frå 2+ til 3-. Skalaen går altså i 15 trinn frå 1- til 5+. Nortura har til informasjon trekk i prisen dersom dyr har 1 blank og mindre, samt 3- og feitare, alt på to-talet er vel det som er normalt. Så bruk moglegheitene i skjemaet til å få det kjøttet du er mest interessert i kva gjeld både storleik og feittmengde. Eller ta kontakt dersom dette ikkje gir meining!
Tre kviger halvanna år – hereford/angus/charolais
Veldig like kastratane, men i snitt mindre og feitare. Tippar dei legg seg i intervallet 210-250 kg. Kvigene brukar alltid å ligge på 3- og 3 blank i feittgruppe, ei sjeldan gong 3+. Hugs på: Den feitaste kastraten er like feit som den magraste kviga, og den tyngste kviga er tyngre enn den lettaste kastraten. Dermed kan det hende eg kontaktar somme kundar for å bytte mellom kastrat og kvige for å få kabalen til å gå opp.
Ein fjordfekastratar på to år
Eksklusiv vare! og siste år, sidan me selde kyrne av denne rasen i fjor før kalving. Tippar slaktevekta blir mellom 220 og 240 kg. Tidlegare har fjordfekastartane ligge frå 2 blank til 3 blank i feitt. Det blir hevda at kjøttet frå denne rasen er ekstra smaksrikt, godt marmorert og med heilt spesielle tynne muskelfibrar. Dei vil til gjengjeld ha relativt sett ha litt mindre stykningsdelar sett i høve til totalvekta enn dei andre kastratane.
Blir desverre ikkje høve til å bestille verken unge eller eldre kyr ferdig skore i år. Men kan tilby som heilt eller halt slakt til dei som er interessert. Fordi Eira har ikkje kapasitet til store puljer på grunn av mannskapssituasjonen der. Og pga kvalitet, mørning, temperaturar etc er det viktig å ikkje gå over kapasiteten. Hugs at han driv med handverk og ikkje industri, slik at kvart enkelt dyr tek tid.