Grønnsaksabonnement

Nb: Per torsdag 5. mai er det straks fullteikna, bestillingsskjemaet kan stenge raskt.

Lista over alt me skal dyrke i 2022 med tips til bruk og lagring finn du her!

Flygeseddelen me har distribuert finn du her.

Bestillingsskjemaet er lengre ned på sida, og blir fjerna når det er fullteikna.

Frå hausting i starten av september 2021. For betre inntrykk av kva me hadde – og når – i fjor gå til nyheitsarkiv eller fjellgront på instagram.

Innleiing:

Me i Fjellgrønt, Niels og Embrik, dyrkar for hand på Tuppeskogen i Gol. I år skal me ha abonnementsordning!
Kvar torsdag mellom klokka 15 og 20 kan familien hente det sesongen byr på. Velg mellom abonnement beregna for husstand på fire eller ein.

Prisen er 280 kroner per veke for stort abonnement og 140 kroner for lite. Faktura kvar månad.

Me planlegg rundt 20 leveransar frå midten av juni og ut oktober. Me kan ikkje tilby individuell tilpassing, men opnar for ekstra sal utover i sesongen for lagring.
Det blir hentestad på Rudningen, Tuppeskogvegen 215, 15-20
torsdagar.

Hentinga:

Grønnsakene er ved henting nyhausta og uvaska og sett saman i buntar der det er aktuelt. Abonnenten plukkar sjølv riktig mengde av dei ulike sortane frå eit svalt lager – der alt er lagt til rette for kjapp henting. Me sender epost til alle om kva som blir vekas familekasse og singelkasse – så tidleg me kan.

Mengde og pris
Mengde og utvalg vil stige utover i sesongen. I juni er det sjølvsagt berre få ting som er modent. I snitt blir det 7-8 einingar per utlevering. Eksempel på einingar: bunt med gulrot, pose med salat, bunt med tre lauk eller eit blomkålhovud.
Prisen vår per eining var i 2021 lik eller lågare enn økologiske og ganske mange konvensjonelle varer i butikk. (I 2021 sjekka me stadig butikkane i Gol og Hemsedal og konstaterte at mykje av det me tilbydde ikkje fanst der i det heile eller var frå utlandet. Og det var aldri nyhausta!)

Me fakturer altså kvar månad for talet på utleveringar som har vore. Same pris for alle vekene, sjølv om det kan vera til dømes berre tre einingar på fyrste utlevering og ti frå august.

Moglegheit for avbestilling

Til dømes ved ferie kan ein seie frå at ein ikkje hentar og sleppe å betale. Inntil fire avlyste hentingar blir trekt frå på siste faktura. Dette må skje på epost seinast tysdag den veka det gjeld.

Moglegheit for å reservere seg mot inntil to grønnsaksortar

Me trur at abonnentane set pris på eit stort utvalg. Og vil lage mat av mest mogleg forskjellig, om ein er vant til det frå før eller ikkje. Men me skjønar at nokon kan ha ei sterk motvilje mot ein eller to vekstar.

Det blir for mykje jobb for oss å drive individuell tilpassing frå veke til veke. Til gjengjeld kan alle skrive i bestillingsskjemaet her inntil to slag dei absolutt ikkje ynskjer. Dei har då ansvar for å ikkje ta med seg dette på hentedagane og me haustar tilsvarande mindre av dette. På siste faktura trekk me frå totalsummen på det abonnenten har avstått frå.

Samspel abonnent og produsent

Me ser på abonnementsordninga som ein form for andelslandbruk der forbrukaren støttar bonden, men utan pålagt arbeidsinnsats eller medbestemmingsrett. Dog tek me svært gjerne mot innspel! Og me kjem til å halde open dag etterkvart, og kanskje også sjølvplukk for lagring mot slutten av sesongen.

Spørsmål? Kontakt oss slik:

kontakt@fjellgront.no

Niels 938 06 535

Embrik 975 75 925


Fleire linkar:

Hallingdølen skreiv ein lang artikkel om oss i 2021, med mange flotte bilete.

På fjellgront si side på instagram kan du sjå mange bilder, også utan å logge inn.