Nb: Neste sjanse for å kjøpe kjøtt blir november 2026. Send meg epost for å få varsel om når salget opnar då.
Detaljane kjem til å koma her ila fyrste veka i november.
Biletet under blir oppdatert kvar time og viser ofte kyrne. Her er alle bileta frå dei siste åra, inkludert dei frå tidlegare i dag.
Kyrne kom heim 19. september etter å ha vore i skogen og på fjellet sidan 10. juni. Flokken får no rundball med mykje god villeng hausta på 900 moh fram til slaktinga i november, pluss noko høy frå andreslåtten heime.
Gjennom vinteren skal dei få den noko meir ordinære fyrsteslåtten – men som jo stadig er økologisk og mangfaldig.

Formålet med rudningen.no er fyrst og fremst å tilby informasjon til eksisterande og potensielle nye kundar som kjøper økologisk grasfora storfekjøtt
herifrå.
Les alt om kjøttsalet vårt her.
Fjellgrønt (Niels og Embrik) dyrka økologiske grønnsaker på Rudningen i 2021 og 2022, men har ei pause no.
Rudningen ligg i Gol i Hallingdal. Her driv me med ammekyr – altså berre kjøtt – økologisk og grasfora.
Dei siste åra har det vore rundt 20 kalvingar i året. Det betyr om lag 60 dyr totalt i beitesesongen.
Dyra går på ute halve året – tre månadar heime og tre månadar på stølen, som ligg på rundt 900 moh.
Les meir om gardsdrifta her, eller trykk «Garden» i menyen.
Fundamentet for gardsdrifta er kvalitet, berekraft og dyrevelferd
Kvifor me gjer det me gjer står det meir om her.
