Berekraftaspektet og dyrevelferden heng i stor grad saman med den økologiske driftsforma og tankegangen. Ut frå eit ynskje om berekraftig, etisk og sunn produksjon får dyra her ikkje kraftfôr som ein del av den vanlege fôringa. (Men me brukar kvart år totalt rundt 100 kg økologisk kraftfôr som belønning/lokkemat, når kyrne er på beite. For å sikre at dei alltid kjem når me ropar på dei.)
Kvaliteten på produkta heng òg saman med det ovannemnde, men følgjer ikkje automatisk med på kjøpet. Det er desverre ei myte at all nisjemat automatisk blir betre enn den som er industrielt foredla.
Eg meiner dei gode tilbakemeldingane på smaken herifrå har fleire årsaker: Mellom anna fjellbeitet kyrne har dei tre månadane dei er på fjellet. Dyra får eigenprodusert økologisk grovfôr med nøye planlagd botanisk samansetjing i inneforingsperioden. Der ein stor andel er tørt høy. Eg legg også vekt på godt stell – med planlagt fôring , og altså utan kraftfôr. Kjent som «grassfed beef» på ny-norsk eller kanskje helst «grasfôra kjøtt» på nynorsk (gressforet kjøtt på bokmål).
Det er dokumentert at kjøtt får meir gunstig samansetning av til dømes feittsyrer ved lite kraftfôr i rasjonen. (Les meir om dette her, eller trykk «Fagstoff og meiningar» i menyen over.) Eg hevdar at smaken også blir betre av eit slikt fôringsregime. Den høge kvaliteten blir òg sikra ved att kjøttbedrifta som skjer ned skrottane gjer ein god jobb med mørning og partering etc. Me tek ingen snarvegar.