Categories
Ymse

Bra sesong

2024 var eit vanskeleg år for bøndene i Hallingdal på mange måtar. Fyrst veldig turt, så veldig vått.

For vår del har det vore eit bra år. Dei virtuelle gjerdene har fungert utmerka og beitesesongen i utmark har vore rekordlang og bra.

  • Beitesesongen heime starta 9. mai.
  • 9. juni gjekk dei ut grinda øverst på garden (400 moh) og opp i skogen til utmarka.
  • Allereie 12. juni hadde dei gått opp på åsen på rundt 800 moh og arbeidde seg heilt opp i rundt 1000 moh. (Ei strekning gjekk eg saman med dei langs bilveg)
  • 30. juni gjekk me heilt til stølen med dei.
  • 6. juli kom avlsoksen og var i lag med flokken til 20. august, i denne perioden var alle innafor gjerder.
  • 3. september gjekk me heimover åsen att.
  • 25. september rauta dei rett ovanfor garden, eg opna grinda og slapp dei inn på innmarksbeite.
  • 30. september starta me med tilleggsforing, utelukkande med rundball frå fjellet. (Foret derifrå har rik botanisk samansetjing og held til langt over slaktinga).
  • Fram til slakting er over og til det blir skikkeleg kaldt kan kyrne velje heilt fritt om dei vil vera inne eller ute.

Kva så med det vanskelege året? Det var til dels frustrerande å vente på slåttevêr. Men me fekk hausta faktisk rekordstore avlingar med vinterfôr innemellom alt regnveret. Einaste aberet med det våte 2024 var at det vart litt lite turrfôr (høy) og litt mange rundballar etter min smak. Til gjengjeld vart samtlege ballar for fyrste gong ensilerte med eigenbrygga urteferment og luktar innmari godt! Me har òg nesten halvparten av vinterfồret i silo, i denne har me i fleire år brukt eigenoppformerte mjølkesyrebakterier framfor meir konvensjonelle tilsetjingar. (Nerdane kan lese meir om startkulturen eg benyttar her. (Eg brukar animal biosa stratkultur, som blir tilsvarande animal biosa ensilering etter oppformeiring.))