Categories
Ymse

Ein månad ekstra i utmark

Takka vera elektroniske bjøller frå norske Nofence har me fått til endå meir utmarksbeiting enn tidlegare i år. Og ingen lastebiltransport, då beitinga starta i lia rett ovanfor garden.

På veg til fjells: Alle over eitt år hadde i år ein slik svart klave som er svært synleg på kastraten Rox til høgre i bildet. Desse elektroniske bjøllene gir lydsignal dersom dei er i ferd med å krysse dei virtuelle grensene, og så eit støt tilsvarande straumgjerde om dei gjer det likevel. Alle dyra lærte systemet raskt, så dei fleste dagane ila sommaren var det ingen som fekk støt om det så vart gjett totalt 100 lydsignal. Oftast hadde dei så god plass at det var knapt med lydsignal også, fordi flokken skjønte kor grensene gjekk etter at berre ei ku hadde fått signalet.

Det beste har vore gleden hjå to- og firbeinte ved å ta i bruk beiteareal som har vore ute av drift lenge. Til glede for mellom anna framtidig biologisk mangfald dei stadene.