Det vart utseld for kjøtt rett før midnatt 4. november 2024. Eit drygt døgn etter at bestillingsskjemaet vart lagt ut. Dette trass i at me hadde to kastratar fleire til salgs enn i fjor.
Send meg epost om du vil ha beskjed om slaktinga i 2025.
Spesifikt om kven som skal slaktast i 2024 står på sida:

Best mogleg kvalitet og smak er det me vil tilby – samtidig som dyrevelferd og berekraftig produksjon er nærmast sjølvsutslettande viktig her på garden.
Kundane må kjøpe alt kjøttet frå eit kvart eller halvt dyr. Det er ikkje tale om høgre frampart etc. Alle kundane som får kjøtt frå same dyret får like pakker.
Kjøttet er ferdig skore opp i dei ulike stykningsdelane frå indrefilet til flatbiff, pluss ein heil del grytekjøtt og kjøttdeig (forholdstalet mellom dei to sistnemnde bestemmer kunden sjølv). Alt kjøttet er vakumpakka og merka, fiks ferdig til ovnen, gryta og panna.
Kjøttdeigen blir alltid frose. Resten får kunden som kjølevare, med mindre dei ikkje kan hente innan ca tre veker etter slakting.
Me brukar i praksis ikkje kraftfôr – dette er grasfôra kjøtt. (Me brukar totalt i året ein handfull 25-kilossekkar med økologisk kraftfor som belønning når me «dresserer» kyrne. Til dømes for å få dei til å koma på innkalling når dei er på beite. Dette er også dokumentert at gjev betre resultat på ei rekkje parameter.)
Kor mykje kjøtt blir det?
I bestillingsskjemaet har eg anslått slaktevektintervalla på dei ulike typene som skal slaktast. I bestillingsskjemaet kan du eventuelt velje om du vil ha frå dei største eller minste. Så trekk du frå ca ein tredjededel av slaktevekta, som er bein, littegrann avskjer, og nokre kilo med vatn som fordampar medan skrottane heng til mørning. Dermed har du eit anslag på kor mange kilo kjøtt du får.
Frå 2024 prøver me med to valg for oppdeling, standardoppdeling og spesialoppdeling, fyrst tek me for oss standardoppdelinga.
I standardoppdelinga blir litt over halvparten kjøttdeig. Pakka i ca 500 grams vakumposar.

Om lag ein tredel (av og til litt mindre) er stykningsdelar: Indrefilet, ytrefilet, entrecote, mørbrad, lårtunge, bogsteik, rundbiff, bankekjøtt, culotte, flatbiff og høgrygg (sistnemnde frå og med 2024) – alle stykningsdelane er utan bein. Desse blir pakka i den storleiken som stykningsdelen tilseier, men til dømes flatbiffen blir stort sett delt i fleire bitar.
Resten blir grytekjøtt, også pakka i ca 500 grams posar. Dette er dei stykkja som er «for fine» til å bli kjøttdeig.
Spesialoppdelinga inneheld alt i standardoppdelinga utanom at høgryggen kjem med bein.
I tillegg får du i spesialoppdelinga short ribs, brisket, flat iron steak, heil skank og flankebiff (sistnevnte med eit atterhald om at skrotten er eigna for å ta han ut).
Og altså, nøyaktig like mykje kjøtt som på standardoppdelinga, men med mindre kjøttdeig og grytekjøtt.
Prisen i 2024 blir kroner 220,- inkludert mva. per kg slaktevekt. Slaktevekta er vekta på skrotten før bein etc er fjerna. Vekta på det reine kjøttet kunden får er rundt 65-70 prosent av slaktevekta. Altså blir den reelle kiloprisen høgare, rundt 310-330 per kg. (Men kunden får med bein/ feitt etc utan pristillegg)
Dyra blir slakta på Nortura sitt anlegg på Gol, ein fem minutt lang køyretur frå garden. To-tre dagar seinare køyrer eg skrottane til bedrifta Eira Vilt og Fisk i Hovet, der eg har teke alle bildene på denne sida. Dei har høg kompetanse, og tek seg av både mørning, partering, kverning av kjøttdeigen, vakumpakking, merking og eventuell nedfrysing. Til slutt blir får kunden kjøttet der me har vorte einige om at skal hentast eller leverast. Alle kundane får tilsendt faktura i etterkant, på epost om ikkje anna blir avtala.
Forklaring av prissystemet
Du må kjøpe alt kjøttet frå kvart, halvt eller heilt ungdyr. Difor er det berre ein pris:
- Grasfôra økologisk storfekjøtt 220,- inkl mva per kilo slaktevekt
Det er viktig å merke seg at prisen er for slaktevekta.
Kilopris på det reine kjøttet blir dermed rundt 310-330 kroner inkludert mva.
Slaktevekta er vekta på den heile skrotten som blir lest av under klassifiseringa på sjølve slakteriet, rett etter slakting.
Totalvekta på sjølve kjøttet kunden får er rundt 65-70 prosent av slaktevekta. Legg ein til vekta på beina kjem ein nesten opp i slaktevekta att.
Årsaka til at eg lagar faktura basert på slaktevekta, er at denne er dokumentert både hjå slakteriet og i mitt kvalitetssystem. Dette er den vanlege måten å berekne pris på ved kjøp av heile, halve eller kvarte dyr.
