Litt om årets dyr:
10 kastratar.
Halvanna år gamle, to lange beitesomrar, berre vinterfôr frå fjellet etter beitesongen var slutt i månadskiftet september/oktober.
Alle har herefordfar, og mødrene har ulike brøkdelar av hereford, angus og littegrann charolais. Me har handplukka oksar basert på mellom anna intramuskulært feitt i mange år, på tvers av dei ulike rasane.
I 2024 var slaktevektene i spennet 240-309 (prognosa mi sa 220-300). Reknearket i år seier omtrent det same.
Fasit tilføyd etter fyrste pulje slakta 5. november: 260-330 kg
Feittklassifiseringa låg på 2 blank til 3 blank i 2025, gjettar det same blir saken i år. (Fasit tilføyd 5. nov: 2 minus til 3 blank)
Feittklassifiseringskalaen som alle norske slakteri brukar går altså i 15 trinn frå 1- til 5+. Nortura har til informasjon trekk i prisen dersom dyr har 1 blank og mindre, samt 3- og feitare, alt på to-talet er vel det som er normalt. Som eit eksempel har dyr som er feitare enn 3- meir feitt enn det som blir ynskjeleg i kjøttdeigen, slik at dette blir skore av. (Eg deler ut dette feittet gratis til dei kundane som vil ha det.) Men desse feite dyra har altså meir feitt på stykningsdelane også.
To kviger halvanna år – hereford/angus/charolais
Veldig like kastratane, men i snitt mindre og feitare. I 2025 var spennet i slaktevekt frå 210-250 kg, målingane og reknearket mitt tydar på at det blir omtrent det same i år. (Fyrste kviga slakta 5. nov var 250 kg og hadde 3+ i feitt, den andre trur eg er noko mindre)
Kvigene brukar oftast å ligge på 3-, 3 blank og 3+ i feittgruppe, det har skjedd i 2023 at ei fekk 4-. (Når 4-talet kom inn i bildet trakk eg av tilsvarande mange kilo på fakturaen til kundane som det som vart skore av skrottane og delt ut gratis til kundane som takka ja til gratis feittpakker.)
Hugs på: Den feitaste kastraten er like feit som den magraste kviga, og den tyngste kviga er tyngre enn den lettaste kastraten. Dermed kan det hende eg kontaktar somme kundar for å bytte mellom kastrat og kvige for å få kabalen til å gå opp.
Ingen vaksne kyr til sals i år
To kyr som ikkje vart drektige og ei som truleg har ein utvekst i livmora skal også slaktast i år. Desse har nok bra kjøtt også, men går berre inn i nortura-systemet.