Bestillingsskjemaet blir etter planen lagt ut fredag 6. november klokka 12.00 på rudningen.no.
Eg fryktar at det blir fort utseld i år, så noter dykk tidspunktet.
Fyrste pulje er planlagt slakta torsdag 5. november. Truleg blir det fyrste kjøttet klart til utlevering rundt 20. november og det siste ei eller to veker seinare.
Det blir ganske lik partering etc som tidlegare år til tross for ny skjærebedrift.
Det har ellers vore eit bra år for kyrne. Og så har me slutta heilt med kjøpekraftfôr. Frå og med i år har me laga ein lokkemat sjølv basert på ein gamal kveitesort som me dyrkar sjølv og havsalt. (I forbindelse med sertifisering til grasbasert-merket vart det tidlegare rekna ut at kyrne sin årsrasjon var 0,6 prosent kraftfor eller noko, så det var jo godt innafor kravet på maks 10% før også for å seie det slik.)
Dykk evt ned i detaljar på rudningen.no. Nettsida går sin skeive gang med nye kukamerabilder på framsida der jevnt og trutt.