Categories
Ymse

2022-bestillinga opnar 8. november

Tysdag 8. november kl. 20.30 opnar årets bestillingsskjema for økologisk og grasfôra kjøtt på rudningen.no. Det blir etter planen utlevering frå rundt 20. november og tre veker framover.

I fjor vart det utseld i løpet av 10 dagar. Ikkje nøl om du skal bestille.


Årets slakterunde blir seinare enn tidlegare, tre veker seinare enn i fjor. Det skuldast at slakteriet på Gol har drive med berre saueslakting lengre enn før. Men 10. eller 11. november startar dei opp att med storfe! (Me vil ikkje sende dyra med bil lengre enn nødvendig.) Dyra har hatt det veldig bra trass forseinkinga. Dei har fått bra fôr og alle har hatt turr liggeplass heile hausten. Stølsfôret er nettopp ferdigete, så det blir fyrsteslått fram til slakting, inkludert mykje særskilt godt høy frå fyrsteslåtten heime på garden (turrfôr).


Prisen er i 2022 blir kroner 205,- inkludert mva per kg slaktevekt. Eg har lagt på kiloprisen med 10 kroner frå i fjor, ei prisstigning på 5,1 prosent.

(Slaktevekta er vekta på skrotten før bein etc er fjerna. Vekta på det reine kjøttet kunden får er rundt 65-70 prosent av slaktevekta.  Altså blir den reelle kiloprisen høgare, rundt 300-320 per kg. (Men kunden får med bein/ feitt etc utan pristillegg))


Slakterunden i år blir veldig lik den i fjor. For nye kundar: Her kan du lese generelt om kjøttsalet, korleis det er pakka, kva du får etc.

(For nye kundar kan eg nevne at du i skjemaet krysse av for type, mengde og hentestad, og kan krysse av for storleik, feittmengde på dyret, forhold grytekjøtt/kjøttdeig, kraftbein, ekstra feitt.)

Oslo-levering, blir truleg ein kveld i vekedagane i veke 48,49 eller 50, i samråd med dei som ber om dette. Tidlegare har me alltid funne eit tidspunkt som har passa for alle.

Som vanleg prøver eg å lage eit bestillingsskjema som gjer det enkelt og tydeleg: både for den som vil ha noko spesielt, og den som tykkjer det er vanskeleg å velje. Dermed er vidare lesing i denne eposten eller innlegget berre nødvendig for dei spesielt interesserte.


Årets sortiment – alle er grasfora og økologiske

Seks kastratar halvanna år – hereford/angus/charolais

Hovudsortimentet. Halvanna år gamle, to beitesomrar. I fjor spente slaktevekta frå 200 til 270 kg. I år seier reknearkprognosa mi 230-280 kg. Altså kvartdelar på 55-70kg (reint kjøtt 35-45kg). I fjor hadde dei feittmengder frå 1+ til 3-. Skalaen går altså i 15 trinn frå 1- til 5+. Nortura har til informasjon trekk i prisen dersom dyr har 1 blank og mindre, samt 3- og feitare, alt på to-talet er vel det som er normalt. Så bruk moglegheitene i skjemaet til å få det kjøttet du er mest interessert i kva gjeld både storleik og feittmengde. Eller ta kontakt dersom dette ikkje gir meining!

Tre kviger halvanna år – hereford/angus/charolais

Veldig like kastratane, men i snitt mindre og feitare. Tippar dei legg seg i intervallet 200-250 kg. (reknearket seier 227-249) Kvigene brukar alltid å ligge på 3- og 3 blank i feittgruppe. Hugs på: Den feitaste kastraten er like feit som den magraste kviga, og den tyngste kviga er tyngre enn den lettaste kastraten. Dermed kan det hende eg kontaktar somme kundar for å bytte mellom kastrat og kvige for å få kabalen til å gå opp.

To fjordfekastratar på to år

Eksklusiv vare! Tippar slaktevektene blir i overkant av 200 kg på begge desse. Tidlegare har fjordfekastartane ligge frå 2+ til 3 blank i feitt. Det blir hevda at kjøttet frå denne rasen er ekstra smaksrikt, godt marmorert og med heilt spesielle tynne muskelfibrar. Dei vil til gjengjeld ha relativt sett ha litt mindre stykningsdelar sett i høve til totalvekta enn dei andre kastratane. Eg har seld slik kastrat tre gonger før, og desse kundane har vore godt nøgde. Dersom det er mange som vil ha kjøtt frå desse, prioriterer eg som vanleg kundane med lengst fartstid her. Me har med tungt hjerte nettopp selt dei to siste kyrne våre av denne gamle norske rasen. Me selde kyrne for å ha kalvingssesong berre ei gong i året (fordi me ikkje kan ha to konkurrerande oksar i flokken, har me alltid inseminert fjordfekyrne, noko som har ført til at me har hatt fjordfekalving om hausten).

Ung ku 2,5 år hereford/angus/charolais

Med endring i driftsopplegg og fjordfekyr ut har me berre ei ung ku som er aktuell for slakt til eige salg i år! Gjettar på slaktevekt på mellom 260 og 280 kg. Feittgruppe mellom 2 blank og 3- tippar eg. Ho har tre beitesomrar og litt meir smak enn sine yngre systre.

Velvaksen ku

Visst du er interessert i dette veit du det sjølv.. For gastronomen/matnerden. Ta kontakt på telefon eller epost for å drøfte det, ligg ikkje i skjemaet.

Den mest aktuelle kua i år er seks år, altså ikkje veldig gamal (har selt på 12 år tidlegare). Ho er 50/50 angus og charolais og får truleg slaktevekt på rundt 320-350 kg, utan å vera ekstraordinært feit – takka vera planlagt foring kvar vinter.