Categories
Ymse

Utseld for i år

Entrecote (frå slaktinga i 2012)

 

I dag vart den siste kvarte kalven bestilt.

Eg opnar for bestilling att i desember, med tanke på utlevering i januar og februar 2014.

I år har eg seld totalt 12 kalvar til over 30 forskjellige kundar. Takk til alle desse. Alle får beskjed om hentetidspunkt.

Den fyrste pulja vart slakta 10. januar, og oppnådde gode vekter og klassifiseringar med tanke på både kjøttfylde og feitt. Den andre og siste pulja skulle vore slakta 14., men grunna det kalde veret har slakteriet utsett det.

For fyrste gong har eg sjølv seld alle kalvane som skulle slaktast på vinteren, i fjor fekk eg berre seld sju, resten tok nortura seg av – sjølvsagt ålreit det òg. Tre av dei 22 kalvane fødde i vår vart slakta på hausten for at det ikkje skulle bli for trongt. Dei sju siste skal etter planen bli mødre sjølve, og tolv er altså seld til ulike hushaldningar i Hallingdal, Oslo, Bergen og Stavanger.

Salsveksten i år kjem fyrst og fremst takka vera eksisterande kundar som har rekruttert nye. I tillegg har eg hatt eit par annonser i Hallingdølen.