Turr sommar

Alle kyrne har ete seg gode og mette kvar dag. Dei har alltid hatt bra drikkevatn. Nye metodar og mykje jobb har sørga for det. Den verste sommaren på 100 år byr likevel på eitt problem: Me har berre snautt halvparten av normal vinterfôrmengde.

 

Utmarksbeiting

Hytteeigaren fekk ein fin plen takka vera våre firbeinte. (Foto: Helene Rudningen)

 

Kyrne våre går i utmark kvart år. Men hittil har det alltid vore på inngjerda område. I år har dei gått totalt ca tre veker utanfor. Schengen si yttergrense har i prinsippet vore einaste fysiske hindring.

 

Det innebar ein del ekstra jobb. Me henta kyrne (vha litt kraftfôr i ei bøtte) opptil fleire gonger dagleg når dei gjekk for langt vekk frå våre stølslag. Heldigvis var dei alltid i ein flokk. Og mange dagar var dei stader me ynskte heile tida. Dette kjem me til å halde fram med!

 

Kvifor berre tre veker? Fordi avlsoksen har vore med besetninga i seks veker – og forplantingsdyktige hankjønn har ikkje lov til å gå fritt. (For veldig spesielt interesserte: Lov om avgrensing i retten til å sleppa hingstar, oksar, verar og geitebukkar på beite) I tillegg hadde me dei innomgjerds når me sjølve var bortreist etc.

 

Me fekk forresten låne satelittbjøller som gav oss posisjonen til flokken nokre gonger dagleg. Så me skal ikkje klage. Apropos klage: Ein nabo eller to var ikkje så begeistra for dette. Men resten tykte som oss: Det er heilt genialt å nytte beiteressursane i utmark til å lage menneskemat – og samtidig hindre attgroinga og bevare biologisk mangfald.

 

Blå prikk er enkeltposisjon, varmare farge ettersom det blir overlapp. Hugs at dei gjerne farta fleire kilometer mellom vatn, kvileplass og beiteplass kvar dag, så enkelte raude flekkar er pga overnattingsstader. (Foto: skjermdump frå satelittbjølleprogrammet)

 

 

 

Mange kilometer med straumgjerde og ca 20 forskjellige skifter bidrog til at dei fekk godt beite kvar dag på innsida av gjerdet òg. (Dei som evt begynnar å boltre seg i kukameraarkivet vil sjå at dei sjeldan var meir enn to dagar på kvar stad. Sjå dessutan på kufilmen eg laga nyleg for å få eit inntrykk av skiftebeitinga vår)

 

Forresten gjekk me heim med kyrne 10. og 11. september, med same opplegg som i fjor.

 

Siste veka før buføringa fekk kyrne totalt 7 rundballar som me hadde laga på stølen i juli. Det var einaste tillegsfôringa heile beitesesongen så langt.

 

Vinterfôr

Som mange andre tok me fyrsteslåtten rekordtidleg heilt i starten av juni. Graset var nemleg i ferd med å forsvinne. Eg fekk etterkvart eit vatningsanlegg opp å gå – det hjalp litt. Men i prakis var graset i dvale i ca halvannan månad. Mange lengre aust er verre stilt, her har det regna greit i august. Dermed har andreslåtten vore meir brukbar.

 

I sum blir det likevel alt for lite vinterfôr frå eigen gard. Heldigvis har me fått tak i ein del økologiske vanleg rundballar. I tillegg er det opning i økologiregelverket for å søkje om å bruke konvensjonelt fôr ved kriser. Me har fått tak i ein god del konvensjonell halm, som dei vaksne skal få ete på svartaste vinteren.

 

Det kan hande me kjem til å fyrste gong på fleire år bruke noko kraftfôr som ein del av den daglege fôringa òg. I så fall ikkje mykje, og eg skal i så fall skrive om det på nettsida her.

 

15. september 2018 |

Stengt for kommentarar.