Dei fleste kyrne hjå oss er i dag av den kvitfarga og storvokste franske rasen charolais. Når me sel krysningar, er det fordi kvigene (dei fyrstegongsfødande) alltid har vore para med okse av den svartfarga og mindre rasen aberdeen angus. Dette for å få mindre kalvar og dermed langt på veg eliminiere faren for vanskar under kalvinga. Altså har det vore ein kvit charolaisokse i lag med kyrne og ein svart angusokse i lag med kvigene oppe på stølen kvar sommar.
Men sommaren 2015 regjerte angusoksen Halldor av Høystad (biletet) åleine, og para både kyr og kviger. (Nokre få vart ikkje drektige, desse vart slakta på hausten.)

Altså blir det berre fødd anguskrysningar til våren. Planen er å halde fram med berre angusoksar. Dermed vil me om ganske mange år ha bytta ut dagens charolaiskyr med anguskyr, og etter ei tid vil kyrne til og med vera reinrasa.
Dermed er siste sjanse til å kjøpe kjøtt frå rein charolais herifrå no i februar 2016.
Kvifor? Fordi angus tek mindre plass i fjøset om vinteren og skal ifølge dei fleste nyttegjera seg grovfôr (gras) betre. Charolaisen si store styrke er spissformulert å kunne vekse seg stor på kraftfôr utan å bli feit. Sidan me ikkje brukar kraftfôr lengre passar det dermed betre med angus. Angusen er kjent for god kjøttmarmorering. Tanken er å kunne tilby endå betre kjøtt i framtida. Me kan heve berekraftfana ytterlegare, fordi me brukar mindre fôr på mordyra i løpet av vinteren. Og me påstar at me skal klare å styre foringa slik at verken ungdyra eller mordyra blir feitare enn dei bør.
