Rekordraskt utselt

Torsdag ettermiddag opna bestillinga. Sundag kveld var det meir enn utselt. Då var det bestilt kjøtt tilsvarande 14 ungdyr, og det er berre 12 som skal slaktast no.

Dermed må eg seie til tre nye nestenkundar at dei ikkje får noko kjøtt. Tre andre kundar får mindre enn dei hadde bestilt.

Det tok altså berre litt over tre døgn før alt var bestilt, medan det tok ein månad i fjor. Likevel tykkjer eg det fungerte greit. Det verkar som eksisterande og lojale kundar har fått bestilt det dei ville ha. Samtidig som nokre heilt nye kundar også fekk bestilt.

Neste år kjem eg kanskje til å sende ut varsel ei veke før bestillinga opnar.

Kua Lene og kviger på sommarbeite. (Foto: Egil Håskjold Larsen)

Kua Lene og nokre kviger på sommarbeite. (Foto: Egil Håskjold Larsen)

 

26. januar 2015 |

Stengt for kommentarar.