
Årets to fyrste kalvar kom i går laurdag 20. april. Nøyaktig ni månader og ei veke etter angus-faren deira starta bedekkinga. Med andre ord heilt etter planen.
Berta var fyrst ute i år. Ho kalva heilt på eiga hand tidleg om morgonen, og var òg flink til å få den 37 kg tunge kalven til å suge. Kalven heiter sjølvsagt Reidun. Kalla opp etter Reidun Weum i Skotselv som eg kjøpte faren hennar av i fjor. Og faren, det var Ferdinan av Holthe – ein reinrasa angus. Mora Berta er forreisten ein av dei få kyrne eg har som er halvt charolais og halvt hereford – noko som forklarer kvifor Reidun har kvitt hovud.
Nummer to, Tora, skulle kalve for fyrste gong. Ho skal ha ros for at ho var tidleg ute med å vise at ho snart skulle i gang. Etter ein halv dag på halmseng i eigen binge kom endeleg vasskalven (fosterhinna) ved ti-tida om kvelden. Forloveden min Helene foreslo at me skulle hjelpe til for å kunne leggje oss litt tidlegare. Bistanden trengtes, og det var jo greit å dra seg forderva på kvelden i staden for på natta. Det vart faktisk òg behov for å bruke kalvingsjekken til Helene (ho er veterinær) for å få ut bakre halvdel av kalven. Kalven på 42 kg var ikkje avskrekkande stor i seg sjølv, men litt i største laget for Tora, som er den minste kviga. Namnet vart Rebjekka – inspirert av tilhøva rundt forløysinga.

Tora var sliten etter kalvinga, og såg ikkje ut til å ville reise seg så raskt. Dermed mjølka me ut snaut to liter og sondefora vesle Rebjekka for å vera sikre på at ho fekk i seg tilstrekkeleg mengde råmjølk tidleg nok. I dag sundag (som eg tok alle bildene) var til gjengjeld både ku og kalv kveke, og Rebjekka hadde til mi store glede begynt å suge på eiga hand.
Kalvinga er altså i gang, i løpet av den neste månaden er det 20 til som skal kalve. Nokre tvillingar blir det nok òg – i alle fall er Morlik så stor at ho umogleg kan ha berre ein kalv.
Mari, Ragnhild, Olava, Sofia og Lene er òg bedekka med angus-oksen Ferdinan, slik som desse to fyrste som kalva. Bedekkinga i fjor sommar var den fyrste der me nytta denne rasen til å bedekke kvigene og dei to minste kyrne. Lette kalvingar er den viktigaste årsaka. Det blir det nok i sum også, Tora var frå før venta å få den vanskelegaste kalvinga. Neste årsak til rasevalet kjem kanskje deg som les dette til gode: Smaken på kalvekjøttet som blir seld i januar/februar frå desse kalvane blir venteleg topp. Angus er anerkjent for god smak og god feittmarmorering.
Dei 15 andre kyrne er bedekka med far sjølv: Filbricht av Bakke, ein charoalaisokse på drøyt eitt tonn. Han har vore nabo med Tora og dei andre kvigene i vinter, og gler seg kanskje til å vera i lag med kyrne att frå midt i juli til utpå hausten. Som kollega får han ein ny angusokse frå Skotselv, men dei får altså kvar sin filial.
