(Det er utseld og skjemaet fjerna.)
For fyrste gong skal eg i haust selje økologisk kvigekjøtt ferdig pakka rett til forbrukar. Bestillingsskjemaet, prisar og dei reint praktiske finn du lengre ned i dette innlegget. Skum gjerne raskt gjennom den øverste delen visst du har dårleg tid. Eg treng bestillingane seinast onsdag 28. september for å leggje kabalen. Skjemaet blir også tekne bort med ein gong det evt blir fullteikna. I førre bestillingsrunde vart det fullteikna i løpet av eit døgn.
Eg blir stadig gleda med skryt av smaken og kvaliteten på ungdyra slakta om vinteren – som eg har drive med i seks år allereie. Litt hovudrekning tilseier at eg har seld rundt 10-12 tonn av desse direkte til kresne kundar.
Skal ein tru forskarane blir kjøttet frå den nært foreståande slakterunden endå eit hakk betre: Det er stadig ikkje noko kraftfôr i biletet*, i tillegg er kvalitetane beite gjev til stades i større monn. Alle kyrne, kalvane, kvigene og avlsoksen kom heim frå beite på stølen laurdag 17. september, og går no på beite heime. Det skal innrømmast: alle dyra her har fått økologisk rundball frå stølen i tillegg til beite omlag ein månad. No utgjer dette fôret brorparten av rasjonen – beitet heime er også snart ete heilt opp.
(*: Kraftfôr: Dei har fått nokre gram med økologisk kraftfôr i løpet av sommaren. Alle får ein handfull ca kvar 14. dag når eg «trenar innkalling». Denne metoden er så effektiv for å få veloppdragne dyr at eg nok stadig vil kjøpe nokre femogtjuekilossekkar i løpet av eit år.)
Dyra som skal slaktast no er kviger på 16-17 månader. Om vinteren leverer eg ti månader gamle ungdyr av begge kjønn. Stadig relativt magert kjøtt, men litt meir feitt og smak enn dei ungdyra eg brukar å levere før påske. Og slaktevektene trur eg vil liggje på rundt 250 kg, i alle fall i intervallet 240-270 kg.
Ei vesentleg forandring i opplegget frå tidlegare: Hallingdal Lokalmat Senter AS i Rukkedalen i Nes (nabokommunen til Gol) skal stå for prosessen med å få slakteskrottane omgjort til ferdig vakumpakka stykningsdelar, kjøttdeig og kraftbein. Det skal mykje til å slå nivået på handtverket til Tamt og vilt i Hemsedal, som alltid har stått for denne jobben tidlegare. Men etter det eg har skjønt kan det godt hende nesningane pustar hemsedølane i nakken. Endringa er ikkje nødvendigvis eit permanent bytte av kjøtskjærebedrift: Årsaka er at nesningane har tekniske innretningar som gjer at dei kan skjera ned dyr av alle storleikar utan problem. Hjå Tamt og Vilt skjer alle lyft manuelt, og dei klarar forståeleg nok å styre begeistringa for å lyfte mange bakpartar på 70-80 kg.
Så til det viktigaste:
Kor mykje kjøtt det er tale om
Kunden får alt kjøttet frå eit kvart dyr, eventuelt halvt, eller ein sjettedel – sistnemnde med atterhald om at kabalen går opp. (Eg tek kontakt med deg på telefon før slaktinga dersom du ville ha sjettedel og eg mot formodning ikkje får det til.)
Ein kunde som bestiller kvart slakt får om lag 45 kg reint kjøt utlevert (med all sannsynlegheit mellom 40 og 50 i alle fall). Den som bestiller sjettedel får om lag 30 kg reint kjøtt. Av dette er over halvparten kjøttdeig (i 500 grams vakumpakker). Resten er vakumpakka stykningsdelar som blir delte opp med utgangspunkt i at storleiken skal passe til eit måltid for fire personar.
Prisane gjeld slaktevekta*, som eg altså forventar at er mellom 60 og 70 kg for eit kvart dyr.
(*:Slaktevekta er vekta på skrotten før bein etc er fjerna. Vekta på det reine kjøttet kunden får er rundt 70-75 prosent av slaktevekta. Altså blir den reelle kiloprisen på reint kjøtt høgare. Hugs på at du kan få med beina. Du får i så fall gjerne litt ekstra, fordi somme ikkje skal ha bein.)
Korleis er det pakka og partert
Skrottane blir tradisjonelt partert med alt frå indrefilet, ytrefilet og entrecote til bankekjøtt, surrasteikar og flatbiff, samt kjøttdeig i 500 grams vakumpakingar. Ynskjer om spesiell partering kan truleg imøtekomast, skriv det i bestillingsskjemaet i så fall.
Kjøttdeigen blir frosen rett etter kverninga. Stykningsdelane blir i utgangspunktet leverte som kjølevare. Dei færraste et alle stykningsdelane med ein gong. Alle får instruksjonar for korleis du kan mørne dei vidare i kjøleskap og korleis og når du kan fryse dei ned. Eg brukar å setje haldbarheitsdatoen for frysevarene eitt år etter slaktinga.
Henting og tidspunkt
Etter planen blir dyra slakta på slakteriet i Gol 30 september. Truleg kan kjøttet leverast ut i slutten av veke 40, rundt 7. oktober, eller starten av veka etter.
Kunden bør helst hente kjøttet heime hjå meg eller i Rukkedalen, på eit vetugt tidspunkt eg opplyser om seinast nokre dagar i forkant. Men eg har nokså stor kjøle- og frysekapasitet heime på garden. Så hittil har eg utan problem teke forsvarleg vare på kjøttet til dei som må hente seinare. Om det blir mange kundar i hovudstadsområdet får eg venteleg til ein transport – i alle fall til Asker.
Prisar for kjøtt levert hausten 2016
Du må altså kjøpe alt kjøttet frå kvart, halv eller ein sjettedels kvige. Difor er det berre to forskjellige prisar:
- Økologisk kvigekjøtt, charolais: 165,- inkl mva
- Økologisk kvigekjøtt, krysningar charolais x angus: 160,- inkl mva
(Prisforskjellen skuldast at charolais generelt har litt magrare kjøtt, samt litt større andel stykningsdelar og dermed mindre kjøttdeig.)
Det er viktig å merke seg er at prisane her gjeld slaktevekta.
Kilopris på det reine kjøttet blir dermed rundt 200 kroner. Dei største kvigene kan ha slaktevekter på 270 kg. Dermed kan kvart kvige av charolais koste over 11000,- inkludert mva.
Slaktevekta er vekta på den heile skrotten som blir lest av under klassifiseringa på sjølve slakteriet. Totalvekta på det reine kjøttet kunden får er rundt 70-75 prosent av slaktevekta. Legg ein til vekta på beina kjem ein nesten opp i slaktevekta att.
Bestillingsskjema
(Det er utseld og skjemaet fjerna.)