Eg dristar meg til denne påstanden når det viser seg at me har fanga og lagra karbon tilsvarande 200 tonn Co2 på slåttemarka her kvart år dei siste åra! Og det er langt meir enn den årlege summen av kyrne sin metan og traktoren sin C02! Takka vera nye regenerative metodar og deltaking i eit fire års prosjekt med nybrottsarbeid.
(Obs: 200 tonn årleg er ikkje stadfesta av tredjepart, men laboratorieresultata og prøvemetodikken er objektive og seriøse.)
Korleis?
I korte trekk har me drive mineralsk utbalansering av jorda, ved å tilføre relativt små mengder kalsium, svovel og bor. (for dei to sistnemnde så lite som 1 gram per kvadratmeter i året nokon stader).
Og me har drive med brygging av bakterieferment som blant anna er blanda i møkka. Tilsaman her det gjett jorda og plantene i samspel moglegheit for betre vekst. Og meir liv under jordoverflata, dermed meir karbon der = Co2-fangst (og lagring).
På toppen av dette har utmarksbeitinga i nesten fire månader mange gunstige effektar på naturen, inkludert for klimaet.
Kor mykje?
I korte trekk har me teke systematiske jordprøver rundt fire faste punkt heime på garden dokumentert vha norges største og heilt kontroversfrie jordlaboratorie at karbonmengda i jorda har auka ca tilsvarande 1 tonn Co2 per 1000 kvadratmeter (dekar) i året. 200 tonn som eg frimodig påstod kjem av at eg slår kring 200 dekar. Sjølvsagt veit eg ikkje om effekten har vore like stor over alt, særleg ikkje på fjellet.
Nerdetabbelen under er eit utklipp frå reknearket der alle standard analysesvar var plotta inn. Utrekninga av Co2-ekvivalentar er NIBIO sin heilt standard kalkulator basert på heilt standard jordprøver. Det største atterhaldet om den store klimabindinga her er forresten at eit anna laboratorium som brukar andre og sjeldnare teknikkar for påvising av organisk materiale viste langt mindre auke.
Auke GT | |||||||||
Okt 19-okt22 | |||||||||
Glødetap | Skifte | Vår 19 | Okt 19 | Okt 21 | Okt 22 | %poeng | prosent | ||
1 | 5,4 | 5,9 | 6 | 6,7 | 0,8 | 13,5593 | |||
2 | 6,7 | 6,3 | 6,9 | 7 | 0,7 | 11,1111 | |||
3 | 5,4 | 5,2 | 6,3 | 5,9 | 0,7 | 13,4615 | |||
6 | 4,2 | 4,3 | 5 | 4,7 | 0,4 | 9,30233 | |||
Volumvekt | 1 | 1,3 | 1,2 | 1,2 | 1,2 | ||||
2 | 1,2 | 1,2 | 1,2 | 1,5 | |||||
3 | 1,3 | 1,3 | 1,2 | 1,3 | |||||
6 | 1,4 | 1,3 | 1,3 | 1,3 | |||||
Auke mold% | |||||||||
okt19-okit22 | |||||||||
%poeng | prosent | ||||||||
mold% | 1 | 4,4 | 4,9 | 5 | 5,7 | 0,8 | 16,3265 | ||
2 | 5,7 | 5,3 | 5,9 | 5 | −0,3 | −5,6604 | |||
3 | 4,4 | 4,2 | 5,3 | 4,9 | 0,7 | 16,6667 | |||
6 | 3,2 | 3,3 | 4 | 3,7 | 0,4 | 12,1212 | |||
OBS | Skifte 2 har gått opp til leirklasse 3 på siste prøve | ||||||||
Auke tonn Co2/daa | |||||||||
Okt 19-okt22 | |||||||||
tonn CO2 | 1 | 21,16 | 21,76 | 22,20 | 25,31 | 3,552 | |||
På 20 cm | 2 | 25,31 | 23,53 | 26,20 | 27,75 | 4,218 | |||
frå nibio- | 3 | 21,16 | 20,20 | 23,53 | 23,57 | 3,367 | |||
kalkulatpr | 6 | 16,58 | 15,87 | 19,24 | 17,80 | 1,924 |