Categories
Ymse

Høgdepunkt frå kukameraet 2017

Høgdepunkt frå beitesesongen teke av kukameraet:

Kyrne har vore på 21 forskjellige område i sommar, og to rundar. Altså over 40 forskjellige kukameraplasseringar. Men få bra bilete om eg skal vera ærleg. Her er nokon som i alle fall viser kyr litt forskjellige stader.

(Trykk på bildeteksten for å eventuelt sjå bileta i større storleik.)

Full fart inn på stølsvollen.
Regn: Rundballeforinga på slutten av sesongen byr på litt søle – gratis gjødsling av eit skrint område!
På stølsvollen fekk dei ete umoden bygg i tre dagar. Kraftig kost!

 

Opprensk: Siste dag på siste rotasjon på dette skiftet.
Utmark: 1,2 km midlertidig straumgjerde og kyrne kunne bremse attgroing.
Skog: Då kyrne var på dette skiftet, var det uhyre sjeldan kyr på bileta.

 

Myr: Stort område på skiftet, rastlause kyr. Men skogshorn i horisonten.
Ivrige: Akkurat kome på nytt skifte. (Det var 21 forskjellige, i snitt to dagar på kvar.)
Sjeldan: Leif Magne (fremst i midten) er av rasen vestlandsk fjordfe. Til sals neste år.

 

Slapt: Kyrne tek det med ro – og kukameraet var festa litt dårleg.
Flaks: Kukameraet har skapt lite kunst med lys. Her var det skydekket.
Herleg stølslys, typisk for juli.

 

 

 

Sjå dette stort: Tydeleg grense under gjerdet på fyrste rotasjon (Dei bytta side dagen etter).
Antiklimaks: Kukameraet sitt aller fyrste ordinære bilete (etter nøyaktig 35 mislykka testfoto heime. Fyrst skulle kameraet og sendinga derifrå fungere, så skulle nettsida mi publisere det automatisk..)