Categories
Ymse

Fredag opnar det! (For siste gong)

Skrottar på veg inn til Tamt og vilt vinteren 2015.

(Innlegget er også sendt ut på epost.)

Fredag 24. februar 2017 klokka 18.00 får alle som har kjøpt kjøtt tidlegare tilsendt eit passord. Det kan brukast for å få tilgang til årets bestillingsskjema på rudningen.no. Påfølgande måndag får alle andre også tilgang til skjemaet – om det ikkje allereie er utseld.

 

I fjor vart det fullteikna etter om lag eitt døgn. Mange heilt nye kundar var tidlegare ute enn somme trufaste gamle. Likevel vart dei nye danka ut. Etterpå fekk eg meir blanda mottakingar enn eg har vore vant til. Difor dette nye systemet med passord. Eksisterande kundar får litt tid på seg til å bestille, før alle dei nye på epostlista får tilgang.

 

Det er likevel håp for deg som ikkje har kjøpt noko her tidlegare. I fjor haust selde me for fyrste gong kviger direkte til privatkundar. Dette kjøttet vart også rive bort – dermed er det venteleg ein del eksisterande kundar som ikkje ser frysarbotnen enno, og dermed ikkje bestiller no.

 

«For siste gong», står det som emne/tittel. Truleg blir det delvis sant òg. Etter alt å dømme blir dette siste gongen med direktesal på vinterstid. (Kanskje det blir nokre ytterst få neste år, og deretter ingen.) Til gjengjeld planlegg me storstilt direktesal om hausten, då av eldre – og større – dyr. Dette blir gjort mogleg ved at Hallingdal lokalmatsenter har starta opp. Dei kan skjæra ned store dyr. Tamt og vilt har ikkje høve til å skjæra ned større dyr enn slike me skal til å slakte no.

 

Grunna Tamt og vilt si storleikbegrensing har berre halvparten av kjøttvolumet garden produserer gått til direktesal. Den andre halvparten (dei større dyra: kyr, ikkjedrektige kviger, bedekkingsoksar) har gått via Nortura inn i daglegvarehandelen om hausten. På sikt kan me med den nemnde endringa omsetje ein større del av produksjonen direkte. Den andre viktige årsaka til omlegginga er at me vil ha meir tilvekst på beitet og mindre i fjøset. Med omlegginga får nemleg alle minst to beitesomrar. Reduksjon i antal mordyr vil gje meir effektiv bruk av vinterforet. I sum vil me likevel produsere omtrent like mykje kjøtt kvart år.

 

Hausten 2017 blir det truleg ikkje så mange dyr for sal. Vinteren 2018 blir det ingen eller berre nokon ytterst få. Fyrst hausten 2018 blir det fullt volum i nytt system – etter planen. Me gler oss til det nye opplegget. Men kjem til å sakne Tamt og vilt. Spikjimat kjem me alltid til å handle der!