Categories
Ymse

Slakting september 2017: Endeleg fullt spekter!

Bestillinga opnar etter planen sundag 10. september 2017, klokka seks om kvelden. (All info finst på sida: «kjøtt til sals«)

Ordna forhold: Hallingdal lokalmatsenter i Rukkedalen har nye og svært gode fasilitetar. Dei mørnar skrottane om lag to veker i dette kjølerommet før alt blir skore ned. (Desse skrottane er ikkje mine.)

Hausten 2017 tilbyr me alle variantar for fyrste gong også til alle privatkundar:

Kastratar og kviger

Truleg det beste kjøttet for «ikkjematnerd-folk» me har kunne tilbydd hittil: Halvanna år gamle økologiske kastratar (kastrerte okser) og kviger (unge hokjønn som aldri har hatt kalv, desse er mindre enn fyrstnemnde.) 50 % angus, 50 % charolais , rett frå beite, 100 prosent grasfôra heile livet. Gode verdiar på intramuskulært feitt. Slaktevektene til kvigene blir truleg 230-260 kg, kastratane 240-280 kg.

Unge charolaiskyr

Truleg to eller tre. (Dei som evt ikkje er drektige etter oksesamvær i to månader i sommar blir kynisk nok slakta.) Same skryteliste som kategorien over, men med meir smak! Mykje meir interessant for den kresne. Mindre interessant for den som vil ha kjøtt som smeltar på tunga – desse vel øverste kategori. Slaktevektene i denne kategorien ligg i intervallet 300-400 kg.

9 år gamal ku

Denne veit eg det blir det rift om blant nerdane: Masse kjøtt, middels feit (alt er relativt, slakteriet vil si veldig feit). krysning mellom hereford og charolais. Eit heiløkologisk liv. 100 prosent grasfora i omtrent fem år. Tippar slaktevekta blir om lag 350-370 kg, men det er rein gjetning (ho har aldri vore på ei vekt).

12 år gamal ku

Sjelden sjanse. Stadig frisk, ganske rask. Men med påfallande lite kjøtt og faktisk også lite feitt samanlikna med besetninga ellers. (Men slakteriet seier nok middels feit.) Omtrent som ei vanleg gamal mjølkeku (i den grad det finst no for tida.) Og som alle over, har ho ete berre økologisk mat heile livet. Men 100 prosent grasfora i omtrent fem år. Det einaste eg veit om slaktevekta hennar er at dette anslaget er rein gjetning: 280 kg.

 

Slakting i veke 39 er planen. Og kan hentast eller bringast som ferdig vakumpakka stykningsdelar, kjøttdeig etc tidleg i veke 42, altså 16. oktober. Men dette kan lett bli endra. Årsak: det er full sauesesong på slakteriet om hausten, og kanskje storfeslaktinga må skuvast på ei veke eller to. Det blir neppe framskunda.

 

Det er plass til nye kundar no, trur eg. Sidan det var ekstrordinært sal også hausten i fjor og stort sal sist vinter. Dermed blir det ikkje noko passordsystem denne gongen. Med såpass stor volumauke i inneverande år blir det neppe utseld så fort at trufaste kundar ikkje rekk å bestille. (På det verste har det blitt utseld på eitt døgn.)