Olav Randen er ifølgje wikipedia ein norsk skribent, forfattar, forleggjar, geitebonde og samfunnsdebattant, som stadig kjem med svært interessante synspunkt. Her er ein kronikk frå hans penn som stod på trykk i Bonde og småbruker nr. 2 2014.
Han beskriv her tidlegare «proteinbobler» som har sprukke i landbruket, gjev ei fagleg innføring i soya og soyabruk, før han drøftar dei negative verknadane av dagens omfang av soyadyrking.
Det sårbare soyamjølet
I tida rundt 1970 vart femdelen av verdas fiskefangstar tekne utanfor Peru. Viktigast var fisket på ansjosfisken anchoveta, som vart brukt til sildemjøl og sildolje. Med oppmalen fisk blanda inn i kraftfôret fekk husdyrhaldarar proteinrikt dyrefôr. Rundt 1972 braut fisket saman etter langvarig overfiske. Den nordlege parallellen var loddefisket i Barentshavet. På det meste, i 1977, tok norske loddebåtar opp over to millionar tonn av den vesle sildefisken, nesten ti gonger vekta av Norges innbyggjarar. Og me som har drive landbruk nokre tiår, minnest sildelukta frå proteinkraftfôret. Loddefisket kollapsa tidleg på 1980-talet.
Men overgangen frå beitebasert og til kornbasert husdyrhald, frå småfe og små gardar og til kylling og svin i gigantanlegg, gjekk sin gang i den rike verda. Det same gjorde overgangen frå grasfôring og til kornfôring av drøvtyggjarar. Etterspørselen etter proteinrikt dyrefôr voks, og prisane steig. I staden for oppmalen ansjos og lodde kom soyabønnene. Med 15-25 prosent soya i mjølet kunne dyra omdanne kraftfôret til dyreprotein langt meir effektivt.
Cerrado og regnskog
Det er 5000 år sidan kinesarane domestiserte belgveksten soya. Bønnene blir knuste og oljen trekt ut og brukt til matolje. Resten av frøa blir brukt til dyrefôr, men også til menneskemat, soyakaker i Norden, tofu i Mexico, tempeh i Indonesia.
Etter kollapsen i Perus fiske vart den importerte planta vekstprodukt i Amerika. I USA vart soya sådd i oppdyrka åkrar, i Sør-Amerika i skoglandskap og etter kvart meir og meir i det enorme, karrige Cerrado-landskapet i Brasil. Cerrado-jorda er sur, aluminiumshaldig, fosforfattig og dårleg til å lagre vatn. Med omfattande kalking gjorde dei jorda mindre sur og nøytraliserte aluminiumen, og den nye planta voks.
I 1950 utgjorde verdas produksjon av soyabønner 17 millionar tonn, i 1970 42 millionar, i 1990 104 millionar og i 2011 261 millionar tonn (FAOSTAT). Produksjonen har altså vorte 14-dobla på 60 år. Dei tre store produsentane er USA med 84 millionar tonn, Brasil med 75 millionar og Argentina med nesten 50 millionar.
Soyaens heimland Kina står for ein liten del av produksjonen, men fordi forbruket av kjøt, særleg grisekjøt, nærast har eksplodert i Kina dei siste tiåra og gris i stor grad blir fôra med soya, har importen stige raskt. I 1994 produserte kinesarane 14 millionar tonn og brukte 14 millionar tonn. No er produksjonen omtrent den same, men attåt importerer dei nesten 50 millionar tonn.
Soyadyrkinga rammar småbønder og urfolksgrupper. Agrokonsern står bak, med Monsanto som det fremste, og dei som har brukt områda før, står ofte makteslause mot planleggjarar, styresmakter, stjerneadvokatar, selskapsrepresentantar, bulldosarar og organiserte. Mange blir trengde vekk. Dei som framleis held til nær plantasjane, opplever at sprøytemidla, vanlegvis spreidde frå fly, når også deira matplanter og forgiftar drikkevatnet.
Avlingstaket nådd?
Soya hentar nitrogen frå lufta, så behovet for nitrogengjødsel er ikkje like stort som for mais eller kveite. Men planta bruker mykje av energien til å fiksere nitrogen og gir ikkje dei same avlingane. Medan japanske risdyrkarar dei siste tiåra har hausta om lag 500 kilo på målet, franske kveitedyrkarar 700 og USAs maisdyrkarar ofte 1000 kilo, passerte soyaavlingane 200 kilo i 1992 og ser ut til å stagnere på rundt 250 kilo. Det meste av soyaen, truleg mellom 80 og 90 prosent, er genmodifisert. Men avlingane blir ikkje vesentleg større på den genmodifiserte soyaen.
Difor er einaste måten å få større soya-avlingar på å ta i bruk meir areal, anten med å trengje vekk anna landbruk eller med å dyrke urørt land. I Sør-Amerika finst ledig jord i Cerrado og Amazonas. Men både savannelandskapet i Cerrado og regnskogen i Amazonas inneheld viktig biologisk mangfald, og regnskogen utgjer ein mellomstasjon for nedbøren frå Stillehavet til dei fruktbare landbruksområda nord i Brasil. Dessutan medfører ny jorddyrking store CO2-utslepp.
Mange jordanalysar tyder på at soyajorda over tid blir utarma. I dei gigantiske soyaplantasjane er det ikkje noko kretsløp, men ei einsidig tapping av næringsstoff frå den i utgangspunktet skrinne Cerrado-jorda. Det finst ikkje husdyrhald i nærleiken, og jorda får ikkje tilført nytt organisk materiale. Det er grunn til å tru at etter nokre år eller tiår bryt det saman. Om det skjer om eitt eller tjue år, veit me ikkje.
Viss soyaen uteblir
Verdas soya-forbruk er om lag 30 kilo per innbyggjar i året. Norge, med 0, 7 promille av verdas innbyggjartal, importerer nesten 500 000 tonn soya i året, altså 100 kilo per innbyggjar. Det ligg i dei politiske føringane at Norge ikkje skal importere genmodifisert soya og heller ikkje soya produsert i tidlegare regnskog. Men når etterspørselen er større enn tilgangen, inneber truleg det berre ei fordeling av avlingane, slik at andre bruker soyaen som er produsert på denne måten og i desse områda.
Det aller meste av soya-importen skjer gjennom DeNoFa, De Norske Fabrikker, i Fredrikstad, eit firma som i dag trass i namnet ikkje er norsk, men der det brasilianske gigantfirmaet Amaggi har største eigarandelen. Amaggi har kontroll over heile produksjonskjeda frå soyaplantasjane via lager og transport og til malinga av bønnene, som skjer i Norge og gjer at soyamjølet blir rekna som norsk råvare.
Problema med vår avhengigheit av soya er to, klima- og miljøøydelegginga og at tilgangen kan ta slutt. Utan soya stoppar mykje av dagens norske landbruk.
Truleg finst også eit tredje problem, at familien bak Amaggi skal kome på andre tankar enn å sende eit gigantskip med soya til Fredrikstad kvar månad. Eitt scenario er at Amaggi utvidar verksemda til innanlandsk kjøtproduksjon og heller vil eksportere kjøtet. Eit anna er at dei sel den enorme bedrifta til eit kinesisk storkonsern som enno har Nobel-prisen til Liu Xiaobo friskt i minnet.
På sytti- og åttitalet kollapsa altså produksjonen av proteinhaldig fiskemjøl. Soyamjølet har berga og utvida det kornbaserte husdyrhaldet i tida etterpå. Spørsmålet no er kva som vil skje viss eller når soyaproduksjonen kollapsar. Har me denne gongen noko å setje i staden?
Ja, me har det, med å gå attende til den ressursen me har tilgang på i mange land og overflod av i vårt land, graset, særleg graset utanfor gjerda. Men det krev store endringar i landbrukspolitikken. Attåt trengst forsking og produktutvikling for å hente proteinnæring til husdyr frå tang, tare og algar. Til lenger me kjem i omlegginga før soyamangel blir prekær, til mindre blir problema når tilgangen på mjølet tek slutt.