Categories
Ymse

Bestillinga opnar att i 2018

Ein av overnattingsstadene til kyrne i sommar. (Foto: Helene Rudningen)

Sundag 16. september 2018 ca klokka 20.00 opnar bestillingsskjemaet for i år.

 

Det blir opent til det er utseld.

 

Alt me skal slakte heile året blir tilgjengeleg for privatkundar no. Dermed køyrer me utan passordsystem etc i år. Fyrst til mølla, men prioritering av eksisterande kundar dersom det går veldig fort.

 

Pga lite vinterfor, og at dei no beitar på dyrkamarka blir det slakting ein månad tidlegare enn i fjor. Det inneber litt lågare vekter og litt mindre feitt.

 

Som vanleg er alt kjøttet ferdig skore og kverna, vakumpakka og merka – som kjøttet i daglegvarebutikken. Og kundane kan velje ein fjerdedels mengde av eit dyr, sjettedel etc.

 

Me køyrer same pris som i fjor: 175 kr per kilo slaktevekt.

 

6 kastratar (krysning angus og charolais) er allereie slakta.  Dei vart henta 12. september. (Dagen etter dei gjekk heim frå stølen. Desse fekk ferskt gras inne i fjøset siste natta, medan dei andre held fram på beite heime.) Kjøttskjærarane begynnar truleg på dei 19 september, og stykningsdelane når vel optimal mørning om ytterlegare ei til to veker.

Kjøttet frå desse anbefalar eg til dei som vil ha det mildaste og magraste kjøttet.

Dei hadde slaktevekter på 200 til 250 kg. (utanom Brage, som vart minst med 185 kg slaktevekt. Dei med små hushaldningar bør merke seg han! )

Alle låg i feittgruppe 2 og 2-.  Skalaen går frå 1 til 5. Dette er den feittmengda Nortura helst vil ha sjølve. Dei har trekk i prisen dersom dyr har 1 blank eller mindre, samt 3- og feitare.

 

6 kviger (krysning angus og charolais) blir etter planen slakta onsdag 19. september. Får deretter same tidslinje som kastratane – henting mogleg etter ca to veker og optimal mørning etter ca tre veker.

Generelt litt mindre enn kastratane, og litt feitare, ellers veldig like. Mange mat- og vinnerdar brukar å bli nøgde når dei har fått kvige i feittgruppe 3+, som er det feitaste eg har tilbydd så langt. I år trur eg kvigene som skal slaktast stort sett vil ligge på 2+, 3- og 3 blank.

 

5 kyr på uvisst tidspunkt i oktober.
Meir kjøtt og meir smak. Og meir trevlar. Selde dette til privatkundar for fyrste gong i fjor, og folk var fornøgde med det. Slaktevektene spenner nok frå 280 til 320 kg. Feittgruppeplasseringar frå 2 til 3+.

I skjemaet blir det mogleg å be om magert/feitt og stor/liten som dei andre kategoriane, samt ung/gamal på ku. Fordi me enno ikkje har drektigheitskontrollert kyrne kan eg ikkje som i fjor presentere enkeltkyr på dette stadium.

 

1 kastrat av rasen vestlandsk fjordfe på uvisst tidspunkt i oktober. Kanskje det mest interessante me har tilbydd. Me har ei ku av denne gamle norske rasen. Dette er fyrste kalven hennar, no er han to år. Det blir hevda at at kjøttet frå denne rasen er ekstra smaksrikt, godt marmorert og med heilt spesielle tynne muskelfibrar. (På denne har nokon av mine aller fyrste og mest trufaste kundar ein slags opsjon – gitt at dei bestiller i tide.)

Tipar slaktevekta blir drygt 200 kg på han.

 

 

Ny skjærebedrift på nytt

Gamle kundar hugsar at Tamt og vilt (T&V) i Hemsdal alltid gjorde ein svært god jobb for meg i mange år. I fjor vart alt me selde skore hjå Hallingdal lokalmatsenter (HLS) i Nes kommune.

No skal Eira Vilt og Fisk (EVF) i Hovet gjera jobben. Når dei aldri har vore vurdert før er det mest fordi det er nesten ein time å køyre dit herifrå, mot ca ein halvtime til dei to andre. Etter ein del sonderingar har eg stor tru på høværingane. Dei deler mi oppfatning om at kvaliteten trumfar alt: tid, pris og potensielle logistiske snarvegar.

 

 

Litt mindre kortreist – dårleg nyheit

Eg brukar å skryte av at dyra herifrå blir slakta på Gol, fem minutt frå garden. Pga av sauesesongen om hausten vil Nortura gjerne sende storfe til Rudshøgda eller Førde somme veker om hausten. Dette har eg alltid nekta tidlegare, og heller venta til storfeslaktinga på Gol er i gang att. I år møter eg meg sjølv i døra. Kastratane vart slakta på Rudshøgda, og kvigene skal dit. Det tek snautt tre timar å køyre dit.

Det er uvisst når det blir storfeslakting på Gol att. Og med lite vinterfôr og ei gitt mengde beite som står att, tek eg ikkje sjansen på mitt vanlege prinsipprytteri. Men når det er uvisst med slaktetidspunkt for kyrne og fjordfekastraten er det fordi eg håpar storfeslaktinga på Gol kjem i gang att i oktober.

 

 

Ikkje formelt økologisk – dårleg nyheit

Eg driv stadig vekk økologisk. Dyra våre er økologiske når dei reiser frå garden. Skrottane kjem også ut frå slakteriet og Nortura-systemet med det velkjende Ø-merket til Debio.

 

Men eg har gløymd/trenert papirarbeidet som skal til for at kjøttet skal koma ut frå Eira Vilt og Fisk som økologisk. Det blir ikkje brukt andre ingrediensar enn kjøttet sjølv. Og bedrifta er liten nok til at dei berre har mitt kjøtt framme når dei driv med det. Dermed vil jo mange seie at dette er jo økologsisk. Men eg har ikkje lov til det.