Frå morgonen tysdag 27. august 2019 opnar bestillinga for fyrste gong sidan i fjor haust. Bestillingsskjemaet finn du som vanleg på rudningen.no. Om til dømes skjemaet ikkje visest godt på telefon eller anna, tek me òg mot epostbestilling frå same tidspunkt (men få helst med dei same opplysningane som skjemaet ville ha tvinga deg til).
Eg får ein del tyn for at eg skriv veldig langt og tek med mange detaljar. Eg har teke det viktigaste ovanfor, så kan du lese så lenge du orkar vidare.
Sidan me utvida direktesalet i fjor er det nok i år òg plass til nokon nye kundar: Så nøl ikkje me å anbefale andre å bestille herifrå (etter du har bestilt sjølv såklart).
I år blir tidlegaste haustslakting me har hatt. Årsak: Slakteriet her på Gol blir gjort om til reint saueslakteri om hausten, og me vil unngå å sende dyra våre langt me lastebil.
Det blir etter planen slakting måndag 26. august og fredag 30. august, truleg siste sjansen for storfeslakt her på Gol før i november.
Det fyrste ferdigpakka kjøttet kan truleg hentast om lag 5. september, men då med ytterlegare mørning heime hjå kundane.
Som vanleg er alt kjøttet ferdig skore og kverna, vakumpakka og merka – som kjøttet i daglegvarebutikken. Og kundane kan velje ein fjerdedels mengde av eit dyr, halv etc.
Eira vilt og fisk innfridde stort for eitt år sidan, og får jobben med nedskjering i år òg. No har me òg gjort papirarbeidet, slik at kjøttet formelt sett kan omsetjast som økologisk, slik som tidlegare! Tilbakemeldingane på handtverket til Jan Eira og Kåre Dregelid var kjempegode.
To ganger fem kastratar er det som skal slaktast no i veke 35.
Dei er krysningar mellom angus og charolais.
Kjøttet frå desse anbefalar eg til dei som vil ha det mildaste og magraste kjøttet.
Men hugs at dei kjem direkte frå fjellbeite, og ikkje har fått kraftfôr, så desse også smakar mykje!
Tippar dei får slaktevekter mellom 200 og 250 kg, slik som i fjor. Når bestillinga opnar kan du lese i skjemaet om dei eksakte vektene.
I fjor låg kastratane i feittgruppe 2 og 2-. Skalaen går frå 1 til 5. Dette er den feittmengda Nortura helst vil ha sjølve. Dei har trekk i prisen dersom dyr har 1 blank eller mindre, samt 3- og feitare.
Unge og eldre kyr, og kanskje ei kvige skal slaktast i november, når slaktinga på Gol er i gang att.
Vaksne kyr er for gastronomane som vil ha meir smak, og uansett tilbreier maten lenge.
Eg tek kontakt seinare med dei som bestiller dette, så får dei handplukke nøyaktig kven dei får. Dersom du eigentleg vil ha kvige (til dømes pga meir feitt), anbefaler eg at du bestiller kastrat, og evt spesifiserar at du vil ha av dei feitaste, i tilfelle ingen kviger skal slaktast i år. (I fjor var det for ei gongs skuld skeiv kjønnsbalanse i kalvinga.)
Vestlandsk fjordfe: Neste år att.
Pris: 180 kroner per kg slaktevekt, inkludert mva. Det er opp fem kroner frå i fjor, då var prisen uendra frå året før.
Viktig: Som alltid heng prisen saman slik. Slaktevekta er vekta på skrotten før bein etc er fjerna. Vekta på det reine kjøttet kunden får er rundt 65-70 prosent av slaktevekta. Altså blir den reelle kiloprisen høgare, rundt 250-270 per kg.
Meir om kjøttsortimentet finn du her: rudningen.no/kjot-til-sals/