I år gjekk alle heim frå stølen sjølv. Me har alltid buført til fots med nokon få, men aldri alle samtidig. 16 blide jenter frå dyrepassarlina på Hallingdal folkehøgskule hjalp oss – dermed var suksessen sikra. Me har hatt to-tre rundar med kraftfôrtrening i sommar. Og brukte rundt 10 kg av denne for vår del sjeldne vara som lokkemiddel på dei to dagane, det trengtes. Det gjekk så bra at konklusjonen er: aldri meir lastebil på heimturen – og kanskje ikkje opp heller.






Ein av elevane som også var veldig flink til bufarsfaget, Amalie Øien Jensen, har teke alle bileta over. Ho har fleire dyrebilete her: facebook.com/amaliefoto/