Categories
Ymse

3 bilete frå 2013

Her kan du sjå bilete av pløgsle, slått og kyr.

Eg lev mildt sagt godt med å ikkje definere meg sjølv som bloggar. Men eg noterar åtte månader utan nokon nye nyheitsinnlegg, og det er kanskje litt dumt når me laga ei «siste nytt»-spalte på nettsida her. Det kan framleis hende at det i framtida kjem nokon innlegg om synet mitt på minister liberalisthaug, at kjøttforbruket etter mi meining bør ned – og om gardsdrifta på Rudningen. Me får sjå. I fyrste omgang bøter eg på problemet med dei få bileta som vart teke av gardsdrift så langt i år, etter dei eg tok til det det førre innlegget.

Det regna heile våren. Våronnna vart utsett og utsett - ein øydelegg jordstruktur m.m dersom ein køyrer når det er vått. Plogen (biletet) kom ikkje fram før 10. juni - då gjekk det til gjengjeld dag og natt - eg sådde dette skiftet 12. juni: bladfaks, raudkløver, timotei, luserne og honnningurt. (Foto: Helene Rudningen)
Har henta eit lass nedanfor fylkesvegen og er på veg til siloen. Biletet er frå fyrsteslåtten 2013: 17. - 21. juni. Grasstrengane i framkant skulle ha litt meir fortørk før eg plukka dei opp med lessevogna. (Foto: Helene Rudningen)
Jorunn
Jorunn (fremst) er alltid den ivrigaste etter kraftfôr. Eg brukar framleis ikkje kraftfôr som nokon vesentleg næringskjelde til kyrne. Moteordet for slik produksjonen eg driv er som kjent "grass fed beef". Men det går til gjengjeld nokre få 25-kg sekkar i løpet av året som godteri. Det er til dømes kjekt å få alle til å koma når eg ropar, og for å trene dei opp til dette er det kjekt med kraftfôr som belønning.