
(Dette innlegget er det same som vart sendt på epost.)
Onsdag 20. oktober kl. 20.30 opnar årets bestillingsskjema for økologisk og grasfôra kjøtt på rudningen.no. Det blir etter planen utlevering i veke 44, 45 og 46.
Årets slakterunde blir veldig lik den i fjor, med to unntak:
1: Det vart født få oksekalvar i fjor, og dermed bør nok ein del vurdere kvige no heller enn kastrat, meir om det under.
2: For fyrste gong skal me slakte ungdyr med herefordokse som far. Dei som er opptekne av angusen si feittmarmorering har ingenting å frykte, faren sine ytrefiletar var granska med ultralyd medan han var ung, og han hadde meir intramuskulært feitt enn mange angusar! (Meir om det under)
Det var ikkje utseld før etter ein månad i fjor, så folk kan trygt oppmode kjente til å bestille i år òg.
Som vanleg prøver eg å lage eit bestillingsskjema som gjer det enkelt og tydeleg: både for den som vil ha noko spesielt, og den som tykkjer det er vanskeleg å velje. Dermed er vidare lesing i denne eposten berre nødvendig for dei spesielt interesserte.
(For nye kundar kan eg nevne at du i skjemaet må krysse av for type, mengde og hentestad, og kan krysse av for storleik, feittmengde på dyret, forhold grytekjøtt/kjøttdeig, kraftbein, ekstra feitt.)
Fyrste slaktepulje blir laurdag 23. oktober. Kjøttet blir etter planen skore ei veke seinare, og kan leverast ut veka deretter, fyrste veka i november (med ytterlegare mørning av vakumpakkene to veker i kjøleskåp hjå kunden).
Planen per no er at det blir to puljer til, slik at det blir utlevering i veke 44, 45 og 46.
Oslo-levering, blir truleg ein kveld i vekedagane i veke 46, i samråd med dei som ber om dette.
Omtrent som i fjor: For å sikre best mogleg smak og kvalitet har samtlege fått ein særleg ettertrakta diett etter siste beite var ete opp i slutten av september: Surfôrrundball frå stølen (med litt innslag av villeng, særleg marikåpe) og tørt høy frå andreslåtten heime.
Kvifor har me teke hereford-genetikk inn? Svaret er heterosiseffekten, eller krysningsfrodigheit. Ein kan kalle det det motsatte av innavl, med positiv innverknad på helse, fruktbarheit og tilvekst. Tanken er å drive rotasjonsavl med to år med reinrasa angus- og to år med reinrasa herefordokse inn i evigheita, der mordyra jo alltid vil vera krysningar. Som nemnt øverst handplukkar me alltid oksar, og har så langt alltid klart å finne nokon som skil seg positivt ut med høg såkalla IMF%. Den seier noko om intramuskulært feitt. Denne blir målt på oksen med eit spesielt ultralydapparat, medan han er ung. I tillegg er det fleire andre parameter som må vera riktige. I år forkasta eg til dømes ca 20 potensielle oksar før eg fann nettopp angus-faren til dei som skal slaktast om to år.
Årets sortiment
Seks kastratar. Krysning mellom hereford, angus og charolais. (Det var ni i fjor.) Halvanna år gamle, to beitesomrar. I fjor spente slaktevekta frå 200 til 250 kg. I år blir nok ein eller to noko tyngre. Altså kvartdelar på 50-65 kg. I fjor, som året før, låg kastratane i feittgruppe 2, 2+ og 3-. Skalaen går frå 1- til 5+. Nortura har til informasjon trekk i prisen dersom dyr har 1 eller mindre, samt 3- og feitare. Så bruk moglegheitene i skjemaet til å få det kjøttet du er mest interessert i.
Kjøttet frå kastratane anbefalar eg til dei som vil ha det mildaste og magraste kjøttet.
Men hugs at dei nyleg var på beite, har hatt den omtala dietten etterpå og ikkje har fått kraftfôr, så desse også smakar mykje!
Fire til seks kviger, med same rasedelar og alder som kastratane. Veldig like kastratane, men i snitt mindre og feitare. Tippar dei legg seg i intervallet 180-230 kg. Kvigene brukar å ligge på 3- i feitt, somme på 3. Hugs på: Den feitaste kastraten er feitare enn den magraste kviga, og den tyngste kviga er tyngre enn den lettaste kastraten. Dermed kan det hende eg kontaktar somme kundar for å bytte mellom kastrat og kvige for å få kabalen til å gå opp.
Ein Vestlandsk fjordfekastrat på to år. No har me tre kyr av denne gamle norske rasen. Det blir hevda at kjøttet frå denne rasen er ekstra smaksrikt, godt marmorert og med heilt spesielle tynne muskelfibrar. Eg har seld slik kastrat to gonger før, og desse kundane var godt nøgde. Sidan han er to år har han meir feitt enn dei andre ungdyra. Dersom det er mange som vil ha kjøtt frå han, prioriterer eg dei kundane med lengst fartstid her.
Unge kyr Slaktevekter på rundt 230-270 kg og middels feite, eg tippar 2 blank til 3-
Vaksne kyr er for gastronomane som vil ha meir smak, og uansett tilbreier maten lenge.
Eg tek kontakt seinare med dei som bestiller dette, så får dei handplukke nøyaktig kven dei får.
Gamal ku, 12 år. For nerdane, som veit dei vil ha det. Med atterhald om at eg får seld heile dyret. Dermed vil eg halde kontakten med dei som er interessert i gamal ku, slik at det blir mogleg å bytte til yngre dersom denne må gå inn i norturasystemet i staden. Tidlegare har eg seld lignande kyr til høgt ansette restaurantar.
Prisen er i 2021 blir 195,- inkludert mva. per kg slaktevekt. Slaktevekta er vekta på skrotten før bein etc er fjerna. Vekta på det reine kjøttet kunden får er rundt 65-70 prosent av slaktevekta. Altså blir den reelle kiloprisen høgare, rundt 280-300 per kg. (Men kunden får med bein/ feitt etc utan pristillegg)
Kiloprisen er ti kroner opp frå i fjor. Basert på endring i konsumprisindeksen frå i fjor burde auken vore 7,50 i staden. Men eg har vanlegvis ligge litt under generell pristiging tidlegare år, så eg er freidig nok til å runde opp til nermaste femmer.