
(Dette innlegget er identisk med det som vart sendt på epost.)
Klokka 20.00 onsdag 28. oktober opnar eg for årets bestillingar. Grunna overvekt av hanndyr under kalvinga i fjor har me no rekordmange kastratar! Dermed håpar flest mogleg kan oppmode venner og kjente til å bestille. (Det er ikkje fleire dyr totalt sett, men tidlegare år har eg seld ein del levande kviger og kyr til andre bønder.)
Bestillingsskjemaet blir å finne på sida: Kjøtt til sals. Skjemaet kjem til å forklare det viktigaste i seg sjølv, så vidare lesning her er berre nødvendig for dei mest interesserte.
Slaktinga skulle etter planen vera fredag 30. oktober og dei to neste fredagane, som ville innebera utlevering frå 9. november og framover. Men no er slakteriet på Gol råka av korona, så det blir truleg forseinkingar. Jan Eira som skal skjera kjøttet seier heldigvis at det skal gå bra for hans del uansett om det blir forseinka.
Mange har teke kontakt i frykt for å gå glipp av bestillinga. Ikkje rart, for i fjor var det slakting i august for å få brukt slakteriet på Gol før sauesongen. I år blir det altså etter sauesesongen. No har eg nemleg plass til at alle kan både ete inne og sove under tak tørt, mjukt og reint på våte haustdagar.
For å sikre best mogleg smak og kvalitet har samtlege fått ein særleg ettertrakta diett etter siste beite var ete opp i slutten av september: 50 prosent godt fortørka surfôrrundball frå stølsvollen (med litt innslag av villeng, særleg marikåpe) og 50 prosent tørt høy frå fyrsteslåtten heime. Begge deler held ein særskild høg kvalitet om eg skal seie det sjølv. Dietten er vald ut frå same kriterier som ein del prestisjeysteri på kontinentet har, og som me sjølve erfarer gir best smak på mjølk.
Totalt 13 kastratar på halvanna år som er blanding mellom angus (50-75 %) og charolais (50-25 %) skal slaktast i haust.
Kjøttet frå desse anbefalar eg til dei som vil ha det mildaste og magraste kjøttet.
Men hugs at dei nyleg var på beite, har hatt den omtala dietten etterpå og ikkje har fått kraftfôr, så desse også smakar mykje!
Tippar dei får slaktevekter mellom 200 og 280 kg. Spennet er større enn før, fordi dei er eldre enn i fjor.
I fjor låg kastratane i feittgruppe frå to blank til 3 minus. Skalaen går frå 1 til 5. Nortura har til informasjon trekk i prisen dersom dyr har 1 blank eller mindre, samt 3 minus og feitare. Så bruk moglegheitene i skjemaet til å få det kjøttet du er mest interessert i.
To små kviger på halvanna år (50/50 angus-charolais) skal òg slaktast. Rimeleg like kastratane på alle felt, kanskje litt feitare. Truleg slaktevekter på 190-210 kg. Det blir kanskje aktuelt å flytte kundar med prefeansar for små dyr med ein del feitt mellom kvige og kastrat, i så fall tek eg kontakt med kunden fyrst.
Ein vestlandsk fjordfekastrat på to år. No har me to kyr av denne gamle norske rasen. Det blir hevda at kjøttet frå denne rasen er ekstra smaksrikt, godt marmorert og med heilt spesielle tynne muskelfibrar. Eg har seld slik kastrat ei gong før, og desse kundane var godt nøgde. Sidan han er to år har han meir feitt enn dei andre ungdyra. Tippar slaktevekt på 230-250 kg. Dersom det er mange som vil ha kjøtt frå han, prioriterer eg dei kundane med lengst fartstid her.
To unge kyr 2,5 år. Slaktevekter på rundt 250-270 kg og middels feite, eg tippar 2 blank og 2 pluss.
Vaksne kyr er for gastronomane som vil ha meir smak, og uansett tilbreier maten lenge.
Eg tek kontakt seinare med dei som bestiller dette, så får dei handplukke nøyaktig kven dei får. Her blir det òg truleg moglegheit for annleis partering enn på dei øvrige dyra.
Pris: 185 kroner per kg slaktevekt, inkludert mva. Det er opp fem kroner frå i fjor.
Viktig: Som alltid heng prisen saman slik. Slaktevekta er vekta på skrotten før bein etc er fjerna. Vekta på det reine kjøttet kunden får er rundt 65-70 prosent av slaktevekta. Altså blir den reelle kiloprisen høgare, rundt 260-280 per kg.
Meir om kjøttsortimentet og korleis det heile fungerer generelt finn du her: rudningen.no/kjot-til-sals/