Bestillingskjemaet kjem torsdag 4. februar 16.00

Frå beitesesongen 2015.

Frå beitesesongen 2015.

(Innlegget er òg sendt ut på epost.)

Bestillingsskjemaet blir i 2016 som tidlegare år lagt på rudningen.no. Her finn du òg meir informasjon.

 

Etter planen blir det slakting i veke 6,7 og 8. Truleg blir det utlevering av ferdig pakka kjøtt i veke 8,9 og 10.

 

Pågangen har auka veldig dei siste to åra. Og me tviheld på at alle må bestille i skjemaet på nettsida. Også dei som allereie har signalisert at dei ynskjer kjøtt i år, må fylle ut skjema. Men ikkje nøl med å ringe eller sende epost dersom du har spørsmål.

 

Tidlegare kundar vil som vanleg bli prioriterte dersom det blir raskt fullteikna. Somme gamle og gode kundar har tidlegare år venta nokre dagar før dei bestilte. Me trur alle bør fylle ut bestillingsskjemaet fortast mogleg i år.

 

Skjemaet vil tidlegast bli stengt fredag. Så eg tippar at berre heilt nye kundar treng å sitje parate torsdag ettermiddag.

1. februar 2016 |