Bestillinga opna. Kvifor nytt slakteregime?

No er bestillingsskjemaet lagt ut att.

oppdelingsplansje storfe

Biletet viser ei generell framstilling av partering. Stykningsdelane du får frå meg er: Indrefilet, ytrefilet, entrecote, mørbrad, lårtunge, bogsteik, bankekjøtt, rundbiff og flatbiff. Alle delane er beina ut (bortsett frå om du ber om å få heil skank). Ingen er delt i skiver slik som på biletet her.

Det blir venteleg litt større slakt med litt meir smak og feitt enn tidlegare, men de kan framleis sjå fram til svært mørt kjøtt. Alt dette fordi slaktinga skjer ein månad seinare i forhold til i fjor, og dyra blir tilsvarande eldre.

Utlevering av kjøttet blir etter planen i veke 10,11 og 12.

Men grasslåtten vart teke litt seinare denne sesongen. Det gjer at eg ikkje forventar den heilt store vektauken samanlikna med fjoråret. (Utsett haustetidspunkt gjev større avling og mindre behov for å evt kjøpe fôr, men lågare kaloriinnhald per kg fôr og dermed seinare vekst. Dyra får som kjent ikkje kraftfôr her).

Motivasjonen for endringa i år er å utnytte fôrressursane på eigen gard betre, ved å la dyra vekse lengre på eit litt «svakare» fôr. For meg som held berekraftfana høgt er denne endringa naturleg. Det er gjort mogleg fordi slakteriet har gått med på å dele skrottane i fleire delar. Då blir det råd å handtere større skrottar for både meg og Tamt og Vilt – som framleis skal stå for utmerka partering etc.

Kor mykje hastar det å bestille? Vanskeleg å seie. men det er ingen grunn til å nøle om du veit du vil ha. Lista over folk som får epost når bestillinga opnar har vokse kraftig frå i fjor. Eg vil prioritere eksisterande kundar dersom det brått skulle bli fleire bestillingar enn eg kan levere.

 

22. januar 2015 |