Listhaug på besøk

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) har langt på veg stikk motsatt meining som meg i mange saker. Men det var stas å få besøk av Listhaug med følgje tysdag 4. mars 2014.

Sylvi Listhaug var oppriktig interessert i opplegget i fjøset. Frå venstre Embrik Rudningen, Sven Brun frå NORSKOG, Sylvi Listhaug og Kirsti Retvedt, kommunikasjonsrådgiver hjå Fylkesmannen i Buskerud. (Foto: Magnus Lindahl)

Sylvi Listhaug var oppriktig interessert i opplegget i fjøset. Frå venstre Embrik Rudningen, Sven Brun frå Norskog, landbruks- og matminister Sylvi Listhaug og Kirsti Retvedt, kommunikasjonsrådgiver hjå Fylkesmannen i Buskerud. (Foto: Magnus Lindahl, Hallingdølen)

Listhaug endra neppe si marknadsliberalistiske tilnerming til landbrukspolitikk etter mi korte tale om økologisk landbruk i fjellregionen i Buskerud. Truleg vart det ingen nye Frp-medlemmar i kjølvatnet av besøket heller. Men sosialt var det ein knallsuksess – etter mitt ringe skjønn. Tilbakemeldingane frå gjestene tyda òg på det.

 

Mitt perspektiv verka å gå ut det andre øyret ganske raskt hjå den mest prominente gjesten, trass i åtgaum frå mine eigne. Men me kan jo håpe på at følgjande repeterte faktum kan feste seg: Samla matproduksjon i Norge vil etter fagfolkets meining gå ned om ein knip inn på pengesekken. Fordi større og større driftseiningar må ha meir effektiv drift, som på grunn av ein del fysiske lover desverre fører til lågare avlingsutbytte per dekar dyrkamark, i tillegg til at færre bønder av kapasitetsgrunnar ikkje kan bruke alle småteigane rundt om kring – ei heller utmarksbeitet. Min visjon er ikkje flest mogleg bønder, men tilstrekkeleg mange med rammevilkår gode nok til å produsere mat på ein berekraftig måte på norske naturgjette ressursar.

Det var mykje folk i stova før turen gjekk til fjøset. Her er det ordførar i Gol, Halvor Lilleslett (V) som ynskjer velkommen til kommunen. Ved sidan av ministeren i sofaen sit Fyllkesmann Helen Bjørnøy vert fot turneen. Bakerst til høgre sit Astrid Aass, landbruksdirektør hjå Fylkesmannen i Buskerud - og den som hadde snekra programmet for dagen.

Det var mykje folk i stova før turen gjekk til fjøset. Her er det ordførar i Gol, Halvor Lilleslett (V) som ynskjer velkommen til kommunen. Ved sidan av ministeren i sofaen sit Fylkesmann Helen Bjørnøy, som var vert for turneen. Bakerst til høgre sit Astrid Aass, landbruksdirektør hjå Fylkesmannen i Buskerud – og den som hadde snekra programmet for dagen. (Foto: Helene Rudningen)

Det var Fylkesmannen i Buskerud som var vert for den vesle turneen i fylket. Følgjet såg òg på sagbruket på Sokna, Hageled i Nes kommune, og etter tre kvarters stopp her var dei på Fausko i Hemsedal.

Rundt 20 personar var med i følgjet: mellom anna departementsfolk, ansatte hjå fylkesmannsembetet, representantar frå dei to faglaga, regionale og lokale partifolk, folk frå skogorganisasjonane, ordføraren i Gol og Magnus Lindal – journalist frå Hallingdølen.

9. mars 2014 |

Det sårbare soyamjølet

Olav Randen er ifølgje wikipedia ein norsk skribent, forfattar, forleggjar, geitebonde og samfunnsdebattant, som stadig kjem med svært interessante synspunkt. Her er ein kronikk frå hans penn som stod på trykk i Bonde og småbruker nr. 2 2014.

Han beskriv her tidlegare «proteinbobler» som har sprukke i landbruket, gjev ei fagleg innføring i soya og soyabruk, før han drøftar dei negative verknadane av dagens omfang av soyadyrking.

Les resten av innlegget »

6. mars 2014 |