Grasetarkjøtt påverkar helsa

Frå professor Anna Haug fekk eg tilsendt nokre vitskaplege artiklar. Blant dei mest oppsiktsvekkjaende var ein om ei studie i Nord-Irland der dei gav vanlege folk anten ordinært raudt kjøtt i 4 veker eller raudt kjøtt frå dyr som hadde ete berre gras. Det var eit seriøst opplegg, randomisert og med dobbel blindtest-metodikk. Og helsa til forsøkspersonane vart betre etter berre 4 veker!

Les resten av innlegget »

27. februar 2014 |

Raudt kjøtt frå grasetarar sunnare enn kjukling

Kronikken under er skrive av professor Anna Haug, og stod på trykk i Bondebladet 10. november 2011. Den var for meg utløysande for å lese vidare om temaet. Kunnskapen førte deretter til eit skifte frå restriktiv kraftfôrbruk til eit fôringsregime heilt utan kraftfôr her på garden. (Eg brukar framleis nokre få 25-kgsekkar i året som belønning/lokking til «dressuren» av kyrne, trass i at sjølv det økologiske kraftfôret eg nyttar stadig inneheld soya.)

For meg er konklusjonen at så lenge kraftfôret på marknaden ikkje er endra i tråd med anbefalingane i kronikken, er kjøttet eg produserer sunnare enn både gris og kjukling frå volumproduksjonane.

Les resten av innlegget »

|