Utseld for 2014

I kveld kom bestilling nummer 48. Den var skrive inn i skjemaet på nettsida her, og det stod mellom anna: kvart kalv, uvesentleg kva rase, og helst blant dei lettaste. Med denne meldinga var det bestilt kjøtt frå totalt 15 kalvar, og det er altså utseld. Bestillingsskjemaet er dermed fjerna, men planen er å leggje det ut att i desember 2014, for kjøtt som skal leverast i 2015.

Det gjekk altså ein månad frå bestillinga vart opna til det var utseld. I starten gjekk det til gjengjeld fort, etter fem minutt hadde fem kundar bestilt, og på eit drøyt døgn var over halvparten tinga bort.

Sjølvsagt har det ikkje vore drive noko pushing av kjøtt, berre ein epost til folk på ei liste og ei annonse i Hallingdølen. Likevel tok det kanskje overraskande lang tid før alt var bestilt.

Årsaka er vel fyrst og fremst at eg i år sel meir kjøtt enn nokon gong direkte til forbrukarane. Produksjonen på garden er ikkje auka, men besetningen blir disponert litt annleis. Minimumsfaktoren her er dei økologiske arealkrava for fjøset, desse ynskjer eg sjølvsagt ikkje å bryte. Forskjellen denne sesongen var at eg slakta fleire større dyr på hausten i 2013, dette fjerna behovet for å selje levande kalvar før jul. I tillegg blir dei kyrkalvane som ikkje skal bli kviger slakta no i staden for til våren.

 

Kukunst utanfor charolais-senteret i Charolles i Charolais i Frankrike. Legg merke til charolais-kyrne i bakgrunnen. Me var der i 2012.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Biletet er av kukunst utanfor charolais-senteret i Charolles i Charolais i Frankrike. Legg merke til charolais-kyrne i bakgrunnen. Me var der i 2012.

12. januar 2014 |