Reidun og Rebjekka på plass

Reidun - min fyrste kalv med angus-far

Årets to fyrste kalvar kom i går laurdag 20. april. Nøyaktig ni månader og ei veke etter angus-faren deira starta bedekkinga. Med andre ord heilt etter planen.

Berta var fyrst ute i år. Ho kalva heilt på eiga hand tidleg om morgonen, og var òg flink til å få den 37 kg tunge kalven til å suge. Kalven heiter sjølvsagt Reidun. Kalla opp etter Reidun Weum i Skotselv som eg kjøpte faren hennar av i fjor. Og faren, det var Ferdinan av Holthe – ein reinrasa angus. Mora Berta er forreisten ein av dei få kyrne eg har som er halvt charolais og halvt hereford – noko som forklarer kvifor Reidun har kvitt hovud.

Nummer to, Tora, skulle kalve for fyrste gong. Ho skal ha ros for at ho var tidleg ute med å vise at ho snart skulle i gang. Etter ein halv dag på halmseng i eigen binge kom endeleg vasskalven (fosterhinna) ved ti-tida om kvelden. Forloveden min Helene foreslo at me skulle hjelpe til for å kunne leggje oss litt tidlegare. Bistanden trengtes, og det var jo greit å dra seg forderva på kvelden i staden for på natta. Det vart faktisk òg behov for å bruke kalvingsjekken til Helene (ho er veterinær) for å få ut bakre halvdel av kalven. Kalven på 42 kg var ikkje avskrekkande stor i seg sjølv, men litt i største laget for Tora, som er den minste kviga. Namnet vart Rebjekka – inspirert av tilhøva rundt forløysinga.

Rebjekka og Tora. Faren Ferdinan var kolsvart som andre angusar, dermed er Rebjekka så mykje mørkare enn Tora.

Tora var sliten etter kalvinga, og såg ikkje ut til å ville reise seg så raskt. Dermed mjølka me ut snaut to liter og sondefora vesle Rebjekka for å vera sikre på at ho fekk i seg tilstrekkeleg mengde råmjølk tidleg nok. I dag sundag (som eg tok alle bildene) var til gjengjeld både ku og kalv kveke, og Rebjekka hadde til mi store glede begynt å suge på eiga hand.

Kalvinga er altså i gang, i løpet av den neste månaden er det 20 til som skal kalve. Nokre tvillingar blir det nok òg – i alle fall er Morlik så stor at ho umogleg kan ha berre ein kalv.

Mari, Ragnhild, Olava, Sofia og Lene er òg bedekka med angus-oksen Ferdinan, slik som desse to fyrste som kalva. Bedekkinga i fjor sommar var den fyrste der me nytta denne rasen til å bedekke kvigene og dei to minste kyrne. Lette kalvingar er den viktigaste årsaka. Det blir det nok i sum også, Tora var frå før venta å få den vanskelegaste kalvinga. Neste årsak til rasevalet kjem kanskje deg som les dette til gode: Smaken på kalvekjøttet som blir seld i januar/februar frå desse kalvane blir venteleg topp. Angus er anerkjent for god smak og god feittmarmorering.

Dei 15 andre kyrne er bedekka med far sjølv: Filbricht av Bakke, ein charoalaisokse på drøyt eitt tonn. Han har vore nabo med Tora og dei andre kvigene i vinter, og gler seg kanskje til å vera i lag med kyrne att frå midt i juli til utpå hausten. Som kollega får han ein ny angusokse frå Skotselv, men dei får altså kvar sin filial.

Reidun søv på sin andre dag. Mora Berta er skeptisk til kameraet medan Morlik (bak) nyttar kvardagen til å klø seg på haka.

 

21. april 2013 |

Internasjonal småbrukardag

17. april er verdas internasjonale småbrukardag. Eg brukar ikkje markere den, men vil gjerne dele denne kronikken som ligg under i dette innlegget. Les den! Kronikken er skrive av Merete Furuberg, som er leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Eg er medlem der, og denne teksten er eit eksempel på at det kjennest rett. I korte trekk beskriv kronikken ulemper med industrielt landbruk og kva Norsk bonde- og småbrukarlag jobbar for globalt under paraplyen: «La Via Campesina arbeider for matproduksjon bygd på agroøkologiske metoder, fullt på linje med hva de fleste forbrukere ønsker. Måten vi produserer mat på må være både sunn, økologisk, økonomisk og sosialt bærekraftig, rettferdig og gagne fremtidige generasjoner. I tillegg må matproduksjon endres slik at den bidrar i kampen mot klimaendringer, ikke forsterker dem.»

Les resten av innlegget »

15. april 2013 |