Vel overstått kalvingssesong

22 kalvar, av dei tre tvillingpar. Med eitt unntak var kalvinga i år ein stor suksess. Ni kjuklingar har også kome til verda i vår.

Bodil sette tonen 30. april. Ho kalva for fyrste gong, og hadde fint klart jobben på eiga hand. Kalven Håvard vart denne dagen den fyrste av åtte oksekalvar. To veker etter at dei fleste andre var ferdige sette Jorunn den siste kalven til verda: Reidar kom 6. juni.

Mest intenst var det i dagane rundt 17. mai. På sju dagar kom det 13 kalvar.

 

Oddny er kalven til Oline. Ho hadde ingen problem med å finne spenane. (Foto: Helene Berntsen)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tre tvillingpar

Mari fekk tvillingane Hanne og Ove. Morlik fødde Ingrid og Alexandra med tjue minutts pause – den nytta ho til å sleike rein Ingrid – før ho held fram i tjue sekunds intervallar fordelt på dei to. Mona, som i likheit med Mari kalva for tredje gong fekk Esben og Esther.

I tillegg til at det er moro med tvillingar, er dette sjølvsagt også ein økonomisk bonus for ein ammekubonde. Det einaste som trekk ned er at Hanne og Ester med 95 prosent sannsynlegheit er sterile. Testosteronet til oksekalven – i dette tilfellet Ove og Esben – i mors liv øydelegg utviklinga av den framtidige kvinnelege reproduksjonsevna. Men eg skal seie det er moro å sjå tvillingpara på beite no!

 

Ei trist natt

Det heilt klare motstykket til dei tre tvillingane kom om natta 22. mai: Den største kviga (som altså skulle ha sin fyrste kalv) heiter Bibbi. Både jur og utsjånad rundt hoftene synte at ho ikkje skulle kalve på ei stund enno, men noko var i gjære. Ho vart plassert i kalvingsbingen, og kort tid etter låg det ein kalv av halv storleik framom ho. Bibbi visste mest ikkje kva ho skulle gjere. «Lille Trille» var komen for tidleg. På toppen av dette var ho underutvikla kva storleik angår. Men ho levde! Pusten gjekk normalt, trass i at ho var svak. Me mjølka ut det vesle som var i det knapt klargjorde juret, og sondefora den vesle kalven. To liter råmjølk frå min gode nabo Are Slåtto gjekk òg ned i slangen og inn i løypemagen. Meir er det ikkje plass til i ein så liten kalv. Så eg la den sårbare kalven i brystleie framom den liggjande mora, som sleikte dottera unormalt resignert – tørkinga av kalven hadde eg dermed vore nøydt til å gjere sjølv. Kunne dette gå bra?

Etter tre timar søvn kom eg attende til fjøset, og konstaterte at stillinga til begge to var litt for lik den eg hadde forlete dei i.. Mor Bibbi skjønte ikkje kva som skjedde då eg gråtande fjerna den allereie kalde kalven.

 

Vellukka i sum

Den fyrste kalven til Britt, Marianne, trengde hjelp til å koma i gang med suginga. (Foto: Stein Øvre)

At ein kalv døyr enkelte år må desverre påreknast, som det er gjort greie for under overskrifta «Året på garden» på sida «Garden». Ellers var det eigentleg berre to kalvingar der assistanse var påkravd, og fire andre der eg var med og drog sikkert mest for eigen del. Turi sin kalv Sunnev var litt for stor når hofte skulle passere hofte – men med bistand frå kjærasten min Helene (som er dyrlege) og meg sjølv gjekk det greit. Birgit brukte lang tid etter at vatnet hadde gått. Eg avdekte at kalven låg bak fram – og me drog Ottar ut utan store problem. Med lite søvn hugsar eg lite frå kalvinga som ikkje er skrive ned. Men fire-fem klavar har nok hatt reelt behov for hjelp med å suge nok råmjølk tidleg nok. Like mange hadde klart det fint sjølv, men fått hjelp likevel. Det har berre vore behov for ei sondeforing i tillegg til den kalven som døydde. I sum er eg altså fornøgd no som kalvinga er vel overstått.

 

Våronn

Samtidig med kalvinga har 11 dekar vorte pløgd og sådd til med grønfor (bygg, vikker, ertar, raigras og honningurt). 13 dekar der det var grønfor i fjor har vorte sådd til med gras (bladfaks, timotei, kløver og lucerne). Totalt rundt 250 tonn møk er spreidd i vår. Ved hjelp av slangar og stripesperiar på enga, og tank på pløgslene. På fjellet har eg spreidd fem tonn pelletert hønemøk.

 

Kjuklingar

Våren 2011 skaffa Helene høner til garden, etter nokre år utan fjørkre i tunet. 1. mai i år begynte ei av minorca-hønene å ruge. Ho fekk ei rugekasse og ti egg under seg. 20 dagar seinare vart ni kjuklingar klekte. Det tiande egget var borte. Kjuklingane har jærhanen Otto som far. Mødrene er dei fleste hønene – altså både jærhøne, minorca, brun italienar og plymouth rock. Dei veks fort og var livlige frå fyrste dag. Både egg og kjuklingkjøtt går forreisten inn i hushaldninga, og er ikkje til sals.

Kjuklingane begynte å titte fram nokre timar etter klekkinga. (Foto: Helene Berntsen)

 

 

9. juni 2012 |