Fredag 27. januar leverte eg ut mykje kjøtt, og fredag 3. februar blir det ein ny leveringsrunde til kundar som allereie har bestilt. No er det berre att eitt kalveslakt som ikkje er bortbestilt, så ta kontakt om du er interessert i kjøtt for snarleg levering. Neste sjanse er om eitt år.
Ny heimeside
Rudningen.no dukka opp på verdsveven for fyrste gong 7. januar 2012. Martin Haugo lagar designet, og eg lagar meir innhald etterkvart som eg får tid.