11. november var det utseld for kjøtt for 2023. Ta kontakt for å stå på epostlista for hausten 2024.


Biletet under blir oppdatert kvar time og viser ofte kyrne. Her er alle bileta frå dei siste åra, inkludert dei frå tidlegare i dag.

Kyrne kom heim frå utmarksbeite 23. september. Ein månad seinare var alt beite heime også ete opp. Frå november av går dei inn og ut som dei vil. Dei er ute på luftetur kvar dag, men både et og ligg inne. Kukameraet flyttar også inn i fjøset når kyrne gjer det for godt.


Formålet med rudningen.no er fyrst og fremst å tilby informasjon til eksisterande og potensielle nye kundar som kjøper økologisk grasfora storfekjøtt herifrå.

Les alt om kjøttsalet vårt her. 


Fjellgrønt (Niels og Embrik) dyrka økologiske grønnsaker på Rudningen i 2021 og 2022, men har ei pause no.


Litt om garden

Rudningen ligg i Gol i Hallingdal. Her driv me med ammekyr – altså berre kjøtt – økologisk og grasfora.

Dei siste åra har det vore rundt 20 kalvingar i året. Det betyr om lag 60 dyr totalt i beitesesongen.

Dyra går på ute halve året – tre månadar heime og tre månadar på stølen, som ligg på rundt 900 moh.

Les meir om gardsdrifta her, eller trykk «Garden» i menyen.


Fundamentet for gardsdrifta er kvalitet, berekraft og dyrevelferd

Kvifor me gjer det me gjer står det meir om her.